Ramsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 33°13′57.1″N 35°45′58.8″E
Ramsjøen
innsjø
none  Ramsjøen med det høge Hermon bakom
Ramsjøen med det høge Hermon bakom
Land Flag of Syria.svg Syria
tilsig nedbør, underjordiske kjelder
stad Dei Flag of Israel.svg Israel-okkuperte Golanhøgdene
 - koordinatar 33°13′57.1″N 35°45′58.8″E
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Ramsjøen (arabisk بحيرة مسعدة, hebraisk בריכת רם) er ein kratersjø (maar) nordaust i Golanhøgdene, nær Hermon. Den einaste vasstilførsla til innsjøen er regnvatn og underjordiske kjelder. Det er ingen utsig frå innsjøen. Krateret er ein maar. Innsjøen har tradisjonelt blitt kalla «Berekhat Ram» (òg skrive Birket Ram), som tyder «høge bassenget».[1] Området er knytt til drusarane.[2]

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Staden har blitt utgravd og etter undersøkingar av sedimenta i innsjøen har ein konkludert med at området har vore tett folkesett fire gonger i historia, først tidleg i bronsealderen, den andre under den «den gresk-romerske-bysantinsk periodar», den tredje under krossfararokkupasjonen i mellomalderen, og til slutt i moderne tid. Mellom desse periodane vart område overgrodd av lokal skog og fasar med tynn folkesetnad.[3]

Under utgravingane vart det oppdaga spor etter eldre steinalder og hominidar. Mellom anna førte utgravinga til oppdaginga av Venus av Berekhat Ram, ein liten rund småstein som visstnok vart hansama av homo erectus. Lekamen er blitt hevda å vere det eldste døme på kunst i verda.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Vilnay Guide to Israel, Volume 2, Beit-Or-Vilnay, 1999, p.298.
  2. Israel Ministry of Tourism Website
  3. 3,0 3,1 Holocene palaeoecology of the Golan Heights (The Far East): investigation of lacustrine sediments from Birkat Ram crater lake