Rand-opprøret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minnesmerke etter Rand-opprøret

Rand-opprøret var eit væpna opprør blant kvite gruvearbeidarar i regionen Witwatersrand i Sør-Afrika i mars 1922. Opprøret var ein protest mot aukande utnytting frå arbeidsgjevarane si side.

Den framståande politikaren i Det sørafrikanske arbeidarpartiet, Jimmy Green, var ein av leiarane for opprøret. Då prisen på gull hadde sokke kraftig frå 1919 til 1921, forsøkte selskapa å oppretthalda overskotet ved å kutta i løna til arbeidarane. I tillegg vart billegare svarte gruvearbeidarar sett i viktige posisjonar.

Opprøret starta som ein streik av kvite gruvearbeidarar den 28. desember 1921 og utvikla seg til å bli eit ope opprør mot staten. Arbeidarane overtok byane Benoni og Brakpan, samt to forstader til Johannesburg: Fordsburg og Jeppe. Det sørafrikanske kommunistpartiet tok aktiv del i opprøret på grunn av klassekamp, men gjekk imot dei rasistiske motiva i streiken. Streiken hadde slagord som: "Verdas arbeidarar, samein dykk og kjemp for eit kvitt Sør-Afrika!"[3]

Fleire kommunistar vart drepne då opprøret vart undertrykt av statlege styrkar. Opprøret tok endeleg slutt då militæret vart sett inn av statsminister Jan Smuts og over 200 menneskeliv gjekk tapt. Han nytta 20,000 troppar, artilleri, tanks, and bombefly. Politikken hans miste tiltru etter dette, og han tapte valet i 1924. Valvinnaren vart ein koalisjon mellom Nasjonalpartiet og Arbeidarpartiet, som innførte fleire lover for å sikra rettane til gruvearbeidarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]