Randabygd kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Randabygd kyrkje
kyrkje
Foto: kirkenorge.no
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stryn
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordfjord
Sokn Randabygd
Fellesråd Stryn
Type Langkyrkje
Arkitekt Jens Sølvberg[1]
Material Tre
Innvigd 29. august 1916[1]
Kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 240 [1]
Kart
Randabygd kyrkje
61°51′50″N 6°19′15″E / 61.8638°N 6.3209°E / 61.8638; 6.3209
Wikimedia Commons: Randabygd kirke

Randabygd kyrkje, tidlegare Randabygd kapell, står i Hopland i Stryn kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1916.[1]

Arkitekt for bygget, som har sitjeplassar til 240 personar, var Jens Sølvberg frå Bryggja.[1]

Fram til dei fekk kyrkja i Randabygda sokna folk i området til Utvik kyrkje og Vereide kyrkje på sørsida av Nordfjorden. Bygda fekk hjelpegravplass i 1910.[1] Kyrkja hadde status som kapell frå ho var ny til 1981.[1] Frå starten til 1967 var området kapellsokn i Utvik sokn i Innvik prestegjeld. I 1967 vart Randabygd kapellsokn overført til Hornindal sokn i Hornindal prestegjeld, og i 1981 vart Randabygd utskild som eige sokn frå Hornindal sokn.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]