Random Access Memory
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Random Access Memory (RAM) er ein type minne i ei datamaskin som kan addresserast vilkårleg (lesast/skrivast ftå/til ein vilkårleg addresse). Moderne RAM vert laga av halvleiarar og kan vera bygd som separate integrerte krinsar eller inngå som ein del av ein ASIC eller ein FPGA.
Eit viktig bruksområder for RAM er som arbeidsminne i datanaskinar og innbaka system, men RAM vert òg nytta som bufferar i I/O-einingar som lydkort, grafikkort og liknande.
[endre] Ulike typar RAM
RAM som vert nytta som arbeidsminne i datamaskinar kjem i fleire konfigurasjonar, som til dømes SIMM-RAM, EDORAM, SDRAM og DDR-RAM. RAM-brikker har som oftast ei allokeringseining på 8 bit (ein Byte).