Randsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Randsfjorden
Randsfjorden -
Stad Jevnaker, Gran, Søndre Land, Nordre Land (Oppland)
Koordinatar 60°23′25″N 10°23′39″EKoordinatar: 60°23′25″N 10°23′39″E
Overflateareal 139,23 km²
Største djupne 120
Vassvolum 7,31
Kystlengd1 202,98 km
Høgd over havet 135 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Randsfjorden er den fjerde største innsjøen i Noreg og den nest største i Oppland fylke. Innsjøfjorden ligg i opplandskommunane Jevnaker, Gran, Søndre Land og Nordre Land. I nord har innsjøen tilsig frå elvane Etna og Dokka. Randsfjorden renn ut via Randselva ved Jevnaker i sørenden av innsjøen.

Randsfjorden ligg 135 moh. og har ei flatevidd på 138 km². Den største djupna er 121 meter. Randsfjorden er ein fjordsjø som vart danna av isen under og etter siste istid. Området utgjer ei svak sone i jordskorpa på grunn av ein forkasting, der austsida har sklidd ned medan vestsida er pressa opp. Bergartslaga er dermed best bevart i aust der ein finn kambrosilurske skifer og i høgareliggande område permiske lavabergartar. Desse laga er erodert på vestsida og ei finn prekambrisk grunnfjell.

Randsfjorden var ei viktig årsak til busetnadsmønsteret på Hadeland. Utanfor Eidsand ligg fleire øyar, mellom anna Kongeøya og Sandøya. I nyare tid har ein laga fleire golfbanar rundt sjøen.

Randsfjordferja kryssar Randsfjorden mellom Horn og Tangen.

Snorre skriv at ein gong kong Halvdan Svarte hadde vore på besøk på Hadeland, reiste han over Randsfjorden på veg heim. Då gjekk han gjennom isen med hest og slede og drukna.