Randy Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Steven Randall "Randy" Jackson (fødd 29. oktober 1961) er ein av brørne i Jackson-familien frå Gary, Indiana. Han er den einaste veslebroren til Michael Jackson, og har vore med i The Jackson 5.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Randy Jackson deltok på konsertane til The Jackson 5 allereie frå 1971, men vart offisielt medlem i 1975, då Jermaine Jackson trekte seg tilbake. Deretter var han med i gruppa som multi-instrumentalist fram til gruppa offisielt vart oppløyst i 1990. Randy Jackson var tenkt å gje ut eit soloalbum med tittelen Randy Jackson i 1978, men skrinla planane. I 1980 vart han utsett for ei alvorleg bilulukke, men kom seg på beina att etter om lag eit halvt år.

I 1989 starta Randy Jackson sitt eige band, Randy and the Gypsys. Dei rakk å gje ut ein cd med tittelen Randy and the Gypsys i 1989 før dei vart oppløyste.

Randy Jackson har i dag 4 born frå ulike forhold.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk Wikipedia om Randy Jackson (The Jacksons), henta inn 5. april 2011.