Ranfjorden

Koordinatar: 66°11′11.706″N 13°9′31.950″E / 66.18658500°N 13.15887500°E / 66.18658500; 13.15887500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

66°11′11.706″N 13°9′31.950″E / 66.18658500°N 13.15887500°E / 66.18658500; 13.15887500

Ved utløpet til Ranfjorden
Botn av Ranfjorden ved Ytteren

Ranfjorden er ein fjord på Helgeland i Nordland. Han ligg i kommunane Leirfjord, Dønna, Hemnes, Nesna og Rana. Fjorden strekkjer seg 75 km innover i landet frå Dønna i vest til Mo i Rana i aust.

I dei ytre områda av fjorden ligg øyane Løkta, Hugla og Feøya på nordsida. Nord for Feøya går Nesnakroken opp til tettstaden Nesna. Frå her går det ferje sørover til Indre Låvong ved Låvongsbukta på sørsida. Lenger inn i fjorden ligg grenda Austvik. Mellom Låvong og Austvika går Riksveg 808 langs med fjorden. Frå Austvika går fjorden vidare nordaustover, men er dette stykket stort sett urørt på begge sider. Fjellesidene her er bratte og høge, særleg på nordsida der Nordvikfjellet stig over 800 meter bratt opp frå fjorden. Ved Bardalsøya snur fjorden søraustover og her ligg bygda Bardal på sørsida av fjorden.

Fjorden går vidare austover frå Bardal og ved den veglause garden Sandnes går fjordarmen Utskarpen nordover til bygda med same namn. Ranfjorden svingar her igjen søraustover til Hemnesberget. Her deler fjorden seg i to og eine delen går sørover på vestsida av Hemneshalvøya. Sørvestover frå Hemneshalvøya går Leirvika vestover. Frå botn av vika går det ferje til Hemneshalvøya som ein del av riksveg 808. Vidare sørover går Skarpsundet og her deler fjorden seg i to igjen. Sørfjorden går søraustover, medan Elsfjorden går sørvestover.

Vestover frå Hemneshalvøya held Ranfjorden fram austover. Dette stykket vert òg stundom kalla Nordrana. Nord for Hemneshalvøya går fjordarmen Øverstraumen nordover til Straumsbotn og aust for Hemneshalvøya går Finneidfjorden. Frå her går E6 langs sørsida av fjorden. Dalsgrenda ligg på sørsida av fjorden litt aust for Finneidfjorden og litt lenger inn i fjorden ligg Hauknes, like før botn av fjorden ved Mo i Rana. Inst i fjorden ligg Ytteren og Selfors, og her munnar Ranelva ut i fjorden.