Raphaël Poirée

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Raphael Poirée)
Raphaël Poirée


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 9. august 1974 (49 år)
Rives
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1998, biathlon at the 2002 Winter Olympics – men's pursuit, biathlon at the 2002 Winter Olympics – men's relay, biathlon at the 2006 Winter Olympics – men's relay

Raphaël Poirée (fødd 9. august 1974 i Rives i Rhône-Alpes i Frankrike) er ein fransk skiskyttar. Poirée har sju VM-gull, vann verdscupen samanlagd fire år og vann 44 verdscup-renn. Han la opp etter 2006/07-sesongen. Han var gift med den norske skiskyttaren Liv Grete Skjelbreid Poirée 2000-2013.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Poirée vart fødd i Rives og er oppvaksen i La Chapelle en Vercors i Frankrike. Gjekk på idrettsgymnas i Villard-de-Lans. Klubben hans er Vercors Ski De Fond. Poirée er yrkesmessig knytt til militæret slik det er vanleg for skiskyttarar i fleire europeiske land. Han har ein yngre bror, Gaël (f. 1978), som òg driv skiskyting på elitenivå.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Han starta sin internasjonale skiskyttarkarriere i 1994 då han vart dobbel junior-verdsmeister. I verdscupen vart han nr. 17 samanlagd allereie i sesongen 1995/96. I 1998 vann han sin første verdscupsiger (Ruhpolding), og denne sesongen vart han nr. 5 samanlagd i verdscupen. Sidan har resultatet samanlagt ikkje blitt dårlegare enn det. Frå sesongen 1999/2000 vann han verdscupen samanlagd tre år på rad. Han har 44 sigrar i verdscupen. Han vann samanlagd 2003/04 og vart nr. 3 i 2004/05 - ein sesong der han sleit både med sjukdom og utstyr.

I VM har han til saman vunne sju gull- tre sølv- og sju bronsemedaljar. Den første medaljen var bronse på jaktstarten i VM i Pokljuka i 1998. Det første VM-gullet kom i Holmenkollen på fellesstart i 2000. I 2001 i Pokljuka vann han fellesstarten og stafettgull, og i Oberhof i 2004 tok han tre gullmedaljar, i 20 kilometer, sprint og fellesstart. I OL har han sølv på jaktstart og bronse på stafetten frå Salt Lake City i 2002, og bronse på stafetten frå Torino i 2006.

Poirée gifta seg i 2000 med Liv Grete Skjelbreid Poirée. Dei har to døtrer saman.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

  • Verdscup samanlagd:
    • 4 sigrar, 1 andreplass, 2 tredjeplassar
  • Verdsmeisterskap:
    • 7 gull, 3 sølv, 7 bronse
  • Olympiske leikar:
    • 1 sølv, 2 bronse
  • Verdscuprenn:
    • 44 gull, 39 sølv, 20 bronse

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]