Raphael Ravenscroft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Raphael Ravenscroft (fødd i Dumfries) er ein skotsk saksofonist, mest kjend for arbeidet sitt med Gerry Rafferty. Han spelar mellom anna saksofonsoloen på «Baker Street».[1][2] Andre artistar han har spelt med er mellom andre ABBA, America, Kim Carnes, Marvin Gaye, Mike Oldfield, Pink Floyd, Chris Rea, Robert Plant, Brand X, Hazel O'Connor og Bonnie Tyler.

I 1979 gav Ravenscroft ut soloalbumet Her Father Didn't Like Me, Anyway. I 2010 spelte Ravenscroft på albuma til Duffy, UB 40 og Mary Hopkin.

Ravenscroft har òg skrive lærebøker om saksofonteknikkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Maconie, Stuart (2004). Cider With Roadies (1st ed.). London: Random House. s. 256. ISBN 0-091-89115-9. 
  2. BBC - Why do we think Bob Holness was the Baker Street saxophonist?