Rashnu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Religion
Denne artikkelen er del av serien om
Parsismen
Yazd fire temple.jpg
Teologi
Ahura Mazda
Angra Mainyu
Spenta Mainyu
Yazataene
Atar - Verethraghna - Rashnu
Sraosha - Mithra - Anahita
Amesja Spentaene
Asja Vahisjta - Vohu Manah
Khsjathra Vairya - Spenta Armaiti
Haurvatát - Ameretát

Rashnu er namnet til guddomen for rettferd i parsismen. Namnet tydde ein gong berre 'dommar', og viste ei av Ahura Mazda sine roller, men blei persongjordt i seinare tider.

Isaman med Mithra, som er guddomen for sanning, og Sraosha, som er ikjøtinga av Mazda sitt ord, er Rashnu ein av dei tre dommarane som dømmer over sjelene til menneske. Han står på ei bru med ei skålvekt i gull, der han veg opp gjerningane til alle sjelene som kjem til han.

Den 18. dagen av kvar månad i dei parsiske kalendrane er vigsla til Rashnu.