Rasmus Buset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rasmus Buset
Fødd 1. mai 1891
Død

1. april 1965 (73 år)

Rasmus Kornelius Buset (1. mai 18911. april 1965) var ein norsk lærar og museumsgrunnleggjar frå VartdalSunnmøre. Buset var svært sentral i arbeidet med å skipe Sunnmøre Museum, i 1931. Han var styreformann og leiar for museet 1934-48. For dette arbeidet fekk han kongens fortenestmedalje i gull i 1951.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Buset fekk døypenamnet Rasmus Cornelius og var fødd på Buset i Årsetdalen på Vartdal i 1891. Buset var son av Johannes Rasmusson Buset (1851-1909) og Elina Berntsdotter Hustad (1857-1930). Han var nummer tre i ein søskenflokk på sju. Då eldstebroren Bernt omkom på sjøen i 1906, vart Rasmus odelsgut. Men evnene og hugen hans gjekk mot boklege syslar, så han valde skulevegen i staden for gardsdrift.

Etter konfirmasjonen fekk Rasmus Buset vere dreng i Aasen-tunet i Ørsta hjå Jon Aasen, eit opphald som sette varande merke i han. Der fekk han ein nasjonal kveik som levde i han livet ut.

Lærarvirke[endre | endre wikiteksten]

Buset tok lærarskuleeksamen i Volda i 1915, og gjekk lærarhøgskulen i 1924. Med fullført lærarhøgskule i Volda jobba han som lærar i nokre år før han flytta til Ålesund i 1923. Han var lærar Bjerangen og Kilvik i Helgeland 1915-16, Rovde på Sunnmøre 1916-17, Årsetdalen i Vartdal 1917-19, Vestoppland folkehøgskule 1919-20, Sunnmøre fylkesskule 1920-24. Buset var lærar i Ålesund frå 1923, og skuleinspektør i perioden 1948-58. Då Buset vart pensjonist busette han seg i Volda og døydde der.

Historisk engasjement[endre | endre wikiteksten]

Assistent ved Komsa-funnet

Då Buset var 35 vart han  assistent for Anders Nummedal, hovudmannen bak utgravingsarbeidet for Komsa-funnet i Finnmark der det vart avdekt helleristingar. Og det var mellom anna takka vere innsikta han fekk i samband med dette arbeidet at han forstod at det hasta å få samla inn gjenstandar frå den sunnmørske kulturarven.

Som styreformann då Sunnmøre museum var i startgropa, skreiv han hundrevis av søknader og brev om økonomisk draghjelp til bankar, næringsliv og departement, og han søkte om midlar frå Pengelotteriet.

«Det var Rasmus Buset som meir enn nokon andre la grunnen til Sunnmøre museum, og som kjempa museet fram i den første store utbyggingstida», framhevar Ivar Grøvik i Tidsskrift for Sunnmøre historielag 1965-66. Buset kom med i det første styret og var formann frå 1934 til 1948.

To museum i staden for berre eitt

Etter mykje dugnads- og innsamlingsarbeid kom eit eldsikkert hus omsider på plass i Borgundgavlen i 1939. I denne tida vart det mykje diskutert om dokument knytt til Ivar Aasen-tunet burde flyttast og sikrast i Ålesund. Men etter endelause diskusjonar i avisene vart det avgjort at det skulle etablerast to museum, i staden for berre eitt stort, sentralt. Ei av forklaringane til at der vart etablert to museum, kan nettopp ha vore ei følgje av den nærleiken som Buset hadde til Aasen-tunet. Då han i ungdomen slutta som dreng der, fekk han med seg eit stort innramma bilde av Ivar Aasen, og dette hang i alle år over skrivepulten der han sat – som ei stendig påminning om det arbeidet som Aasen la ned under tilverkinga av det nynorske skriftspråket. At han også gjekk i bresjen som ein forkjempar for bevaring av fortida, var noko han gjorde som ein hedersgest til alle dei gode dugnads-hjelparane.

Sektorisert delegering

Også Ivar Aasens nære ven, diktarpresten Anders Hovden, var ein slik unik støttespelar.   

Så då Buset kunne gå mellom dei gamle stovene som var blitt flytta til museet i Borgund, så gjekk han der ikkje først og fremst som museumsmann, men som sunnmøring med rot i dei grendene der husa var komne ifrå. Metoden som Buset nytta kan i dag kallast «sektorisert delegering» - då han alltid var opptatt av at Sunnmøre museum måtte knyte til seg museumsvener frå heile området som Sunnmøre regionsmuseum skulle dekke. Og arbeidet gav frukter. Mange herad fekk i stand eigne museumsnemnder som ei følgje av dette initiativet.

Opninga av Sunnmøre Museum

Buset si levande omsut for sjølve plasseringa av museet, kom tydeleg fram i helsingstalen han heldt då Sunnmøre museum omsider kunne opnast av kronprins Olav den 15. juni 1946.  - «Når vi i dag opnar museet her i Borgundgavlen, så står vi på historisk grunn. Frå desse bakkane og kollane talar soga til oss. Her har butt folk like frå steinalderen, vi finn merke etter dei den dag i dag. Her innan i Skuggen budde lendmannen Erling, Håkon Jarls gode ven. Og nedanfor har vi Katevågen der folk la til med båtane sine når dei i gamle dagar skulle vitje kjøpstaden Borgund. Vi har og ein stad som kallast Tinghaugen her, det er truleg den gamle tingstaden for Sunnmøre», sa Buset til dei vel tolv tusen frammøtte.[1]

Så spøkte han med at det er tre ting som trengst for å bygge eit museum. Det er pengar, pengar og atter pengar. Men han hugsa også på å framheve ein god del av privatpersonane som hadde gitt bygningar og andre gjenstandar til museet. Alt dugnadarbeidet hadde dei ikkje klart seg utan. Og som diplomat var den mangeårige styreformannen nøye med å skilje klårt mellom sak og person. Og det hjelpte også mykje at venen, diktaren og åndsfrenden, Anders Vassbotn frå Volda hadde eit kjent namn på Stortinget.

På opningsdagen nemnde Buset både John Werner som gav museet sommarfugl- og insekt- samlinga si, Hans Kaldhol som ordna og gav dei sine geologiske og arkeologiske samlingar og Olai Bjørlykke som stelte med samlinga av fiskar og sjødyr. Dei fekk alle helsingar og takk.

Til slutt runda han av med å framheve at tanken bak museet var å binde saman notid og fortid.

Dette samanfatta han og medforfattar Bjørlykke også i eit idealistisk, men fromt ønskje – som låg i grunnen, bak alt arbeidet i ei historiebok som dei to fekk prenta: «Kunde det auka kjærleiken til folk og fedrajord, vilde det gleda oss».

Strid som ein stubbe

Som bondeson kjende Buset ansvaret med å vidareføre arva frå forfedrane, og han såg også derfor nytten av å få på plass den heilt særskilde avtalen med Bergens museum som gav også Sunnmøre museum rett og fagleg tyngde til å oppbevare og stille ut jordfunne oldsaker.

Då Buset fylte 70 år i 1961, prenta Sunnmørsposten ein omtale av jubilanten der Ivar Grimstad nytta tittelen: «Eit tuntre i vår lokale kulturskog». Grimstad gjekk langt i å framheve det arbeidet som Buset la ned i samband med museumsarbeidet. «No må elles ikkje godtfolk tru at Buset berre er mottemjøl og gamletid. Arbeidet for museumstanken er ein lekk i hans heilslege kultursyn…Men ikkje alle såg med blide augo på at Buset var målmann – også radt inn i skoleinspektørembetet i Ålesund. Men Buset var strid som ein stubbe. Han vart eit omgrep. Ja, så menn oppnådde han den sjeldsynte æra å bli eit – skjellsord!», skreiv Grimstad som viste til at det å få i stand eit museum, utan strid og diskusjonar, nok ikkje hadde vore mogleg – utan ein lokal bondeson, med eiga røynsle frå dei bratte sunnmørske, grønkande liene. 

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Han fekk stipend frå Nansenfondet for å skrive ned sogeminne frå Sunnmøre. Saman med Olai Bjørlykke gav han ut historieboka Frå gamal og ny tid på Sunnmøre i 1934. Boka kom ut på nytt i 1982, like etter Sunnmøre museum sitt 50-års jubileum.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Då Buset vart tildelt kongens fortenestemedalje i gull i 1951, var det som ei følgje av koordineringsarbeidet og all dugnadsinnsatsen han fekk i stand i denne første krevjande, men også gjevande nybrotstida. I andre kjelder vert det framheva at Buset var rett mann på rett stad og tid av fleire grunnar.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Buset var gift med Sigfrid Dahle, fødd 27. juli 1898 i Volda. Dei fekk to søner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sitat frå opningstalen, attgjeve i Sunnmørsposten, 17. juni 1946.
  • Norske skulefolk, Red. Karl Bakke. Dreyer forlag, MCMLII, Stavanger 1952.
  • Artikkel Føregangsmannen for fortida, av Edvard Molvær, i «100 år 100 navn. Personer som har preget Nordvestlandet». Sunnmørsposten forlag 2000. Ansv. Red. Harald H. Rise.
  • Tidsskrift for 1955-66. Sunnmøre historielag, Vol. 41-42, Minneord av Ivar Grøvik.
  • Oppslag i Sunnmørsposten om opninga av Sunnmøre museum, måndag 17. juni 1946.
  • Lesarinnlegg i Sunnmørsposten: Eit tuntre i den Sunnmørske kulturskog, helsing til Rasmus Buset, Sunnmørsposten 1961 av Ivar Grimstad.
  • Edvard Molvær: Sunnmøre museum 1931-1981. Sunnmøre museum 1983
  • Artikkel i Aftenposten av Henry Røsoch, måndag 17. juni 1946.