Rasmus Løland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rasmus Løland
Nasjonalitet Norsk
Fødd 24. mai 1861, Løland i Suldal
Død 12. oktober 1907 (46 år), Asker
Yrke Forfattar, journalist og kritikar
Periode 1891-1907
Sjanger Barnelitteratur
Debut Folkeliv (1891)

Rasmus Løland (24. mai 186112. oktober 1907) var ein norsk forfattar, journalist, kritikar og omsetjar som skreiv på nynorsk. Løland gav ut fleire bøker, var i mange år journalist i avisa Den 17de Mai og var redaktør av Norsk Barneblad.

Løland er særleg kjend som barnebokforfattar. Han skreiv levande og moderne frå eit barneperspektiv.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Rasmus Løland var fødd på garden Løland ved Hylsfjorden i Ryfylke, og heldt seg der – første gongen han drog så langt som til Stavanger var han rundt tjue år. Familien var likevel vellesen, dei abonnerte på tidsskrifter og hadde fleire bøker. Foreldra var stillfarande og djupt religiøse.

På skulen gjorde Løland det godt, og i 1878 gjekk han amtskulen. Som ung hadde han drive med skogs- og gardsarbeid, men sjukdom gjorde at han måtte gjera mindre krevjande arbeid, som å laga tiner og sopelimar. Helsa skulle plaga han heile livet, med veike lunger, hjarte, auge som ofte ikkje tolte sollys, og depresjonar.

I 1891, 30 år gammal, fekk Løland gjeve ut den fyrste boka si, Folkeliv. Året etter drog han til Bergen, og nokre år etter det gjekk han frå heimen i Suldal til Oslo. I slutten av 1890-åra hadde han reisestipend til Tyskland og Austerrike. I 1903 kjøpte han hus på Labråten i Asker og blei næraste nabo til Arne Garborg.

Løland døydde av tuberkulose, 46 år gammal, og blei gravlagd på Asker kyrkjegard. I 1911 blei det reist ein minnestein over LølandSand i Suldal, i 1925 blei det reist eit minnesmerke på gravplassen hans. Det har ellers blitt utgitt fleire biografiar over Løland, både i 1938, 1961 og 2007, den siste av Ernst Berge Drange kalla Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • 1891 – Folkeliv
  • 1892 – Skuld. Forteljing
  • 1892 – Ungar. Forteljingar
  • 1892 – Paa sjølvstyr. Forteljing
  • 1893 – Skattegravaren. Forteljing
  • 1894 – Kor vart det av jola? Barneforteljing
  • 1895 – Blodstyng og andre soger
  • 1895 – Aandelige klenodier
  • 1895 – Gamle ungkarar
  • 1895 – I klemma
  • 1896 – Emne
  • 1896 – Nervesliten
  • 1896 – Stevleik
  • 1897 – Daudingehandi.Spelstykke
  • 1897 – Hugtekne
  • 1897 – Trollspel. Spelstykke i ei akt
  • 1989 – Jordvend
  • 1899 – Mannen som skulle stella heime
  • 1900 – Det store nashornet
  • 1901 – Ute og heime
  • 1902 – Aasmund Aarak
  • 1904 – Umskifte
  • 1905 – Norsk eventyrbok
  • 1906 – Kvitebjørnen
  • 1907 – Eventyr og dyresoger fraa alle land

Post mortem

  • 1908 – Paa skuggesida
  • 1910 – Hundrad aar

Om Rasmus Løvland[endre | endre wikiteksten]

  • Ernst Berge Drange:Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]