Rasmus Langeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rasmus Olsen Langeland (8. februar 18731954), fødd i Sunnylven, var ein norsk gardbrukar og politikar frå Bondepartiet. Han sat på Stortinget for Møre frå 1922 til 1945, og var arbeidsminister 1931–1933.

Langeland blei innvald i Borgund heradsstyre i 1913, og sat fram til 1922. Same året blei han stortingsrepresentant, og sat fram til 1945. Langeland sat først i Lønningskomiteen i to periodar, før han gjekk over til Jernbanekomiteen. Han sat deretter i Finans- og tollkomiteen og i Skog- og vassdragskomiteen.

I regjeringane Kolstad og Hundseid 1931–1933 var Langeland arbeidsminister. Han var også Bondepartiet sin nestformann 1930–1935.

Rasmus Olsen Langeland var far til Olav Rasmussen Langeland, som følgde i faren sitt politiske fotspor som stortingsrepresentant.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Norske arbeidsministrar 1885-1946