Rasmus Steinsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rasmus Olai Steinsvik)
Gå til: navigering, søk
Grava til Steinsvik på Vår Frelsers gravlund i Oslo

Rasmus Olai Steinsvik (22. september 186322. juni 1913) var ein norsk bladmann (journalist), forfattar, målmann og redaktør, fødd i Dalsfjorden i noverande Volda kommuneSunnmøre. Rasmus Steinsvik var frå 1896 gift med forfattarinna Marta Steinsvik. Han sette seg tidleg føre å arbeida for fridom for alle, nasjonalt sjølvstende og norsk målreising.

Rasmus Steinsvik var bladstyrar for avisa «Den 17de Mai» frå 1893 til han døydde i 1913. Tysdag 9. januar i 1894 kom fyrste utgåva av "Den 17de Mai". Arne Garborg og Rasmus Steinsvik gjorde opptakt til bladet. Hulda Garborg døypte bladet, og Arne Garborg vart med i bladstova (redaksjonen). Dei same personane var og knytt til avisa «Fedraheimen».

Nettlenkjer[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dalhaug, Ole: Den 17de mai : Rasmus Steinsvik 1863-1913, 1997.
  • Gausemel, Steffen: Rasmus Steinsvik, hovudoppgåve i norsk. Universitetet i Oslo 1937.