Rathajatra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rathajatrahøgtida i Puri i 2007.
Foto: G.-U. Tolkiehn
Rathajatrahøgtida i Puri på 1800-talet, måla av James Fergusson.

Rathajatra (sanskrit, ‘vogn-reise’) er ei hinduhøgtid feira til ære for Djagannath, ei form av Krisjna, og tilbakekoma hans til Vrindavan. Høgtida blir feira den andre dagen av den lyse delen av månaden asjadha, anten i juni eller juli i den vestlege kalenderen.

Markeringa er størst i den heilage byen Puri i Orissa, der ein lagar og køyrer kjempemessige trevogner for gudebileta av Djagannath, broren hans Balarama og søstera Subhadra gjennom byen. Vognene veg fleire titals tonn og blir bygde nye kvart år.

Rathajatra blir også feira over 200 andre stader i verda, ofte i regi av Hare Krishna-rørsla.[1]

Høgtida har gjeve opphav til det engelske ordet «juggernaut» (frå Djagganath) om eit stort og tungrodd prosjekt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne hinduismeartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.