Rathlin

Koordinatar: 55°17′N 06°11′W / 55.283°N 6.183°W / 55.283; -6.183
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rathlin
Lokalt namn Reachlainn
Sørenden av Rathlin med Fear Head i bakgrunnen.
Sørenden av Rathlin med Fear Head i bakgrunnen.
Geografi
Rathlin is located in
Stad Irskesjøen
Koordinatar 55°17′N 06°11′W / 55.283°N 6.183°W / 55.283; -6.183

Administrasjon
Land Nord-Irland
Grevskap Antrim

Demografi
Folketal 75

Rathlin (irsk Reachlainn) er ei øy utanfor kysten av County Antrim i Nord-Irland og er det nordlegaste punktet i Nord-Irland. Ho ligg 10 km frå fastlandet og er den einaste busette øya utanfor Nord-Irland og den nordlegaste busette øya på irskekysten. Øya er forma som ein L og er 7 km frå aust til vest og 4 km frå nord til sør. Øya ligg berre 25 km frå Mull of Kintyre, sørenden på Kintyrehalvøya i Skottland.

Øya har ferjesamband frå Church Bay til Ballycastle på fastlandet, som ligg 10 km unna.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Rathlin er ein av 43 spesielt verna område i Nord-Irland. Her finn ein store koloniar med sjøfugl, inkludert krykkje, lundefugl og alke. Klippene på øya er 70 meter høge .

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje Ulster-annalane var Rathlin den første irske øya som vart plyndra av vikingane då kyrkja og bygningar på øya vart brend i 795.

Rathlin var åstad for ein massakre i juli 1575jarlen av Essex sende ein styrke til øya leia av Francis Drake og John Norreys. Engelskmenna tok livet av hundrevis av kvinner og born i MacDonnell-klanen som heldt til her.[1]

Det første kommersielle trådlause telegrafsambandet i verda vart oppretta mellom East Lighthouse på øya til Kenmara House i Ballycastle den 6. juli 1898.[2]

Tidlegare hadde øya rundt tusen innbyggjarar, men i dag er det berre 75 fastbuande att. Det kjem derimot mange folk til øya om sommaren og dei fleste kjem for å sjå klippene og den store bestanden av sjøfugl.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. John Sugden, "Sir Francis Drake", Touchstone-book, Simon+Schuster, New York, ISBN 0-671-75863-2
  2. northantrim.com Arkivert 2008-12-31 ved Wayback Machine. - Guglielmo Marconi 1874-1937

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]