Ratri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ratri eller Ratridevi er gudinne for natta i vedisk hinduisme. Ho er sett på som ei vennlegsinna gudinne som gjev kvile og kan verna mot mørke trugsmål som kjem om natta, som tjuvar og rovdyr, eller i overført tyding dårlege eigenskapar, som gråde og sinne.

Gudinna er skildra som ei svart ung kvinne med langt, laust hår og ei løkke i handa i Samaveda. Det viktigaste hymnet til Ratridevi er Ratrisukta i Rigveda. Ein dyrka Ratri om natta, til dømes ved å messa dette hymnet.

Samband med andre gudar[endre | endre wikiteksten]

Ratri er syster til Usjas, morgonen, og nokre stader òg til Agni, elden. Ho er dotter av Dyaus.

Ein har sett henne i samband med gudinna Vagdevi, eller Sarasvati, ettersom dei to har mange likskapar. Andre har vidareført henne til den mørke og skremmande gudinna Kali.

Ettersom ratri ganske enkelt tyder 'natt' på sanskrit, finn ein ordet igjen i mange samanhengar som ikkje har med gudinna å gjera, til dømes i namnet på høgtidene navaratri og sjivaratri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]