Raud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Raud er den fargen som blodet har. Raudfargen blir rekna som ein av dei varme fargane i estetikken.

Fysikk[endre | endre wikiteksten]

Raudt lys har den lågaste frekvensen som menneskeauget kan sjå. Bølgjelengda er rundt 630-760 nm. Ein lågare frekvens gjev infraraudt lys, som ikkje er synleg for oss. Raudfargen er på grunn av dette den ytste fargen i regnbogen.

Mange fiskar og skaldyr ser raude ut når dei kjem opp frå havet. Men sjøvatn absorberer ofte raudfargen, slik at dei eigentleg er svarte og dermed kamuflerte nede på djupet.

Oksidert jern gjev òg ein raud farge, som me mellom anna kan sjå i jernrik jord og i blod som inneheld hemoglobin.

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Som varselsfarge kan han tyda stopp, som i trafikklys og som raudt kort på fotballbanen, eller berre vera åtvarande, som på brannbilar eller raud fluesopp.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Lukke[endre | endre wikiteksten]

Ein raud hane varslar om det nye kinesiske haneåret.

Det knyter seg sterk symbolikk til fargen, både gammal og ny. I India og Kina blir han sett på som svært lykkebringande. Det er vanleg for ei brur i begge landa å bera raudt når ho giftar seg, og feiringa av det kinesiske nyttåret inneber så mykje bruk av raudt ein kan.

Blod[endre | endre wikiteksten]

Raudt er fargen til blod, og han blir derfor rekna som livsens farge, men òg til ulukker, som i symbola til Raudekrossen. Sambandet mellom krigsguden Mars og den raude planeten Mars har gjort raud til ein farge for krig og vald. Romarane brukte eit raudt flagg som krigsflagg.

Kyrkje[endre | endre wikiteksten]

I kristen tradisjon har fargen vore eit symbol på kjærleik, lidenskap og seksualitet, slik at mellom anna Maria Magdalena framstilla som ei synderinne ofte ber raudt. Men som liturgisk farge er raudt symbol for kyrkja og den heilage anden, og blir brukt ved særskilde høgtider og feiringar av martyrar.

Revolusjon[endre | endre wikiteksten]

I moderne tid er raudt blitt fargen til venstresida, og er blitt brukt av fleire grupper, frå arbeidarrørsla til revolusjonære geriljagrupper. Den raude stjerna og det raude flagget er døme på dette.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Raud