Raudøya i Ørsta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raudøya
Raudøya med Raudøyholmen. Yksnøya i Volda bak til venstre. Gurskøya heilt bak
Raudøya med Raudøyholmen. Yksnøya i Volda bak til venstre. Gurskøya heilt bak
Geografi


Stad Ørsta kommune
Areal 0,4 km²
Administrasjon
Land Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Raudøya er ei øy og ein matrikkelgard i Ørsta kommuneSunnmøre. Den har eit eit flatemål på om lag 394 daa, dvs litt mindre enn 0,4 kvadratkilometer.

Øya er relativt lang og smal, om lag 1,7 km lang og om lag 370 m brei på det breidaste, og nesten delt på midten, der den er berre ca 50 m på det smalaste. Dei to delane av øya er om lag like store i areal.

Nord for Raudøya ligg den ca 31 daa store Raudøyholmen, og den vesle holmen Blæja på ca 2 daa.

Raudøya ligg midt i utlaupet av Ørstafjorden, rett sør og vest for Liadalsbygda på den eine sida av fjorden og rett nord for Steinnes på den andre sida. Avstanden til Liadalsbygda er ca 700 m på det kortaste, og om lag 600 m over til Steinnes på den andre sida. Nordaustover frå øya ligg Vartdalsfjorden, som sørvest for øya går over i utlaupet til Voldsfjorden og held fram som Rovdefjorden.

Heile Raudøya er freda, som Raudøya landskapsvernområde og Raudøya naturreservat. Grunnlaget for fredinga er mellom anna den store forekomsten av kristtorn på øya.

Raudøya er gardsnummer 64 i Ørsta. Her har vore 3 bruk på øya, men ingen av dei er i drift no, og øya har ingen fast busette. Det har også budd folk på Raudøyholmen.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet er eit vanleg øynamn, og siktar truleg til ein raudaktig bergart.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Jonson Dale: Ørstingar II Ættebok for Ørsta 1900-1998, Ørsta 1999 ISBN 82-91790-02-7, side 813-814.

Fotnoteliste[endre | endre wikiteksten]