Raud blodlekam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raude blodlekamar frå eit menneske.

Raude blodlekamar er den vanlegaste blodlekamen. Han er den viktigaste reiskapen for oksygentransport i blodet hos virveldyra.

Raude blodlekamar er òg kjende som erythrocyttar (frå gresk erythros for 'raud' og kytos som opphavleg tyda '(å vera) hol', til cyte som no tydar 'celle'). Ein schistocytt er ein raud blodlekam som blir delt.

Hjå virveldyr[endre | endre wikiteksten]

Hemoglobin i raude blodlekamar gjer at blod ser raudt ut.
Foto: Martin van Dalen

Raude blodlekamar er mest hemoglobin. Det er eit molekyl sett saman av heme-grupper, desse inneheld jarn som bind til seg oksygen i lunger eller gjeller og slepp det laus andre stader i kroppen. Hemoglobin fraktar òg noko karbondioksid frå vevet til lunger eller gjeller. (Hos menneske er det meste av karbondioksidet, men berre 2 % av den totale oksygenmengda, til stades som løyst gass i blodplasma). Eit liknande molekyl, myoglobin, lagrar oksygen i muskel-celler.

Det er heme-gruppa i hemoglobinet som gjer dei raude blodlekamane raude, og blodet raudt. Åleine er blodplasma lyst gul-brunt. Dei raude blodlekamane endrar farge etter kor mykje oksygen som er bunde til hemoglobinet. Dess meir oksygen, dess ljosare raudt. Hemoglobin utan oksygen (deoksyhemoglobin) er mørkt og får dei små blodårene til å sjå blå ut gjennom huda (cyanose).

Det var eit stort utviklingsmessig steg for virveldyra når dei fekk proteinet som bind oksygen inn i ei celle, i staden for løyst i kroppsvæske. Blodet blir mindre viskøst og kan transportera oksygen lengre.

Hjå pattedyr[endre | endre wikiteksten]

Snitt gjennom ein ei kapillaråre viser ein konkav raud blodlekam.

Dei raude blodlekamane hjå pattedyr har ikkje cellekjerne og difor heller ikkje DNA. Bortsett frå salamandrar i slekta Batrachoseps har alle andre virveldyr cellekjerne i dei raude blodlekamane sine. Hjå pattedyra har dei raude blodlekamane òg mista dei andre organellane sine. Det gjeld mellom anna mitokondriane, dei lagar difor energi med gjæring, via glykolyse av glukose med påfølgjande mjølkesyre-produksjon. Som dei fleste andre celler har heller ikkje dei raude blodlekamane insulinreseptorar og opptaket av glukose er difor ikkje styrt av insulin.

Blodlekamen har fasong som ei skive som er konkav på begge sider: som ein smultring som har grodd igjen i midten. Saman med mangelen på organellar gjer dette lekamen godt egna til å uveksla oksygen med omgjevnaden. Lekamane er mjuke så dei kan gå gjennom tronge kapillærar og sleppe oksygenet der. Kamelfamilien (Camelidae) har ovale lekamar, elles er dei runde hjå alle pattedyr.

I dei store blodkara ligg lekamane av og til side om side, som ein stabel tallerkar. Dette skjer oftast dersom det er spesielt høgt nivå av einskilde serumprotein, til dømes ved betennelsar.

Milten verkar som eit lager for raude blodlekamar, men ikkje i like stor grad hjå menneske som hjå andre dyr. Hjå hundar og hestar held milten attende mange raude blodlekamar til vanleg. Desse blir sleppte ut i blodstraumen under hardt arbeide slik at evna til oksygentransport stig.

Hjå menneske[endre | endre wikiteksten]

Ein typisk raud blodlekam er 6–8 µm. Dei er altså mykje mindre enn dei fleste cellene i lekamen. Ein typisk blodlekam inneheld om lag 270 millionar hemoglobinmolekyl.

Eit vaksent menneske har om lag 2–3 × 1013 raude blodlekamar. Dette er eit tal med variasjonar: kvinner har mellom 4 og 5 millionar raude blodlekamar per mikroliter blod, menn har mellom 5 og 6 millionar. Menneske som lever i høgder kor oksygentensjonen blir låg har høgare konsentrasjon av raude blodlekamar.

Raude blodlekamar mykje vanlegare enn andre partiklar i blodet. I ein mikroliter blod finn me til samanlikning 4 000–11 000 kvite blodlekamar og 150 000–400 000 blodplater. Til saman ligg det om lag 3,5 gram jarn i dei raude blodlekamane. Det er meir enn fem gonger så mykje som i resten av lekamen.

Produksjonen av raude blodlekamar blir kalla erytropoese. Dei raude blodlekamane blir til i den raude mergen me finn i fleire av dei store knoklane. Hjå foster er det levra som er den viktigaste produsenten av raude blodlekamar. Produksjonen blir auka av hormonet erytropoetin (EPO) som mellom anna blir nytta til doping i idrett. Ein faktor som aukar produksjonen er oksygentensjonen i lufta. Når lufttrykket søkk blir det mindre oksygen i lufta, sjølv om delen fortsatt er 21%. Det blir då fleire raude blodlekamar i blodet. Dette kan ein sjå på menneske som lev høgt over havet og på idrettsutøvarar i høgdehus. Medfødde hjartefeil kor delar av blodet går utanfor lungene og ut i kroppen og gjev cyanose har same verknaden.

Raude blodlekamar veks opp på om lag sju dagar og lever i om lag 120 dagar. Den gamle cella bles opp til ein ballong, blir slukt av fagocyttar og øydelagt. Elementa han er bygd av blir slept ut i blodet. Hovuddelen av dei raude blodlekamane blir brotne ned i levra og milten. Heme-delen blir skilt ut av lekamen som bilirubin. Det er det som fargar urin og avføring mørk.

Dei skilde blodtypane hjå menneske kjem av variasjonar i glykoprotein på overflata til dei raude blodlekamane.

Dei raude blodlekamane kan skiljast frå blodplasma ved sentrifugering. Dersom ein blodgjevar gjev berre plasma blir han tappa for fullblod og dei raude blodlekamane sentrifugert i frå og ført attende med det same. Nokre idrettsfolk gjer det nesten på same viset: Dei tappar seg for blod og dei raude blodlekamane blir skilde ut og frosne (raude blodlekamar held i fem veker ved −78 °C). Så blir dei injisert rett føre ein konkurranse for å auke oksygenopptaket. Dette blir kalla bloddoping. Dette er vanskeleg å oppdaga og farleg, kroppen toler dårleg at blodet vert for seigtflytande (hyperviskøst). Difor er det ved distanseløp på ski ei grense for deltaking ved 18,5 g/dL hemoglobin i blodet. Ei overskriding av grensa er ikkje nødvendigvis bloddoping, men til dømes eit resultat av overdriven høgdetrening.

Sjukdomar[endre | endre wikiteksten]

Mellom blodsjukdommar som involverer raude blodlekamar finn ein:

  • Anemiar er kjenneteikna med at blodet har låg evne til å frakte oksygen. Dette kan både vera av di det finst få raude blodlekamar eller av di dei ikkje lenger har same evna til å binde oksygen.
    • Jarnmangel er den mest vanlege forma for anemi. Ein spis for lite jarn og kroppen kan ikkje produsere nok hemoglobin.
    • Sigdcelleanemi er ein arveleg sjukdom som gjev abnorme hemoglobinmolekyl. Dette gjer at dei raude blodlekamane blir misdanna og stive, og gjev tilstoppa blodårer, smertar, slag og anna vevsskade.
    • Thalassemi er ein annan arveleg sjukdom.
    • Sfærocytose er ein arveleg sjukdom som gjer dei raude blodlekamane små, kulerunde og skjøre.
    • Perniciøs anemi er ein autoimmun sjukdom som gjer at lekamen manglar den innebygde eigenskapen til å ta opp vitamin B12 frå maten. Ein treng B12 for å laga raude blodlekamar.
    • Aplastisk anemi er når beinmergen ikkje kan lage raude blodlekamar.
    • Hemolyse er overdriven nedbryting av raude blodlekamar. Dette kan igjen ha mange grunnar.
  • Malariaparasitten lev ein del av livssykelen sin i dei raude blodlekamane, et hemoglobin og øydelegg cellene. Både sigdcelleanemi og thalassemi er vanleg i malariastrok av di dei vernar mot malaria.
  • Polycytemiar er sjukdommar kor lekamen lagar for mange raude blodkroppar. Som ved bloddoping kan dette gje problem.

Diagnostikk[endre | endre wikiteksten]

Antiglobulintest av raude blodceller.

Ei rekke blodprøvar ser på dei raude blodlekamane. Ein kan få eit tal for mengda hemoglobin i gram per desiliter (Hb g/dL) eller ein kan få prosentvis del raude blodlekamar i blodet (hematokritt eller erytrocytt-volumfraksjon). Ein kan òg få blodtype etter skilde system, som ABO-, Rhesus- og Kell-systema.

Normalverdiar for menneske er; vaksne menn: 13,4 - 17,0 g/dL, vaksne kvinner: 11,7 - 15,3 g/dL. Born har høgare verdiar dei fyrste månadene etter fødselen, og har deretter lågare verdiar i 8-10 år.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nederlendaren Jan Swammerdam var den fyrste som skildra ein raud blodlekam. Det var i 1658 og han nytta eit tidleg mikroskop.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]