Raud dverg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kunstnarisk førestilling av ein raud dverg.

Raude dvergar er ein type små og relativ kjølige stjerner i hovudserienHertzsprung-Russell-diagrammet. Dei er enten seine-K- eller M-stjerner og er den vanlegaste stjernetypen i galaksen. Dei har ein masse på mindre enn halvparten av sola (ned til omtrent 0,075 solmassar, under ligg dei brune dvergane) og ein overflatetemperatur på mindre enn 3500 K.

Karakteristika[endre | endre wikiteksten]

Raude dvergar har veldig små massar; ikkje meir enn 40 % av massen til sola. [1] Som ein konsekvens av dette har dei relativt låge temperaturar i kjernane og energien blir frigitt sakte gjennom fusjon av hydrogen til helium igjennom proton-proton-kjeda. Difor sender raude dvergar ut lite lys, nokre gongar so lite som 1/10 000 av det lyset sola sender ut. Sjølv dei største raude dvergane sender ut berre omtrent 10 % av solluminositeten. [2]

Generelt sett transporterer raude dvergar energi ifrå kjernen til overflata ved hjelp av konveksjon. Konveksjonen føregår av di det indre av stjerna er opakt og har ein relativt høg tettleik samanlikna med temperaturen. Grunna dette blir det vanskelegare for fotona å reisa mot overflata igjennom stråling. Konveksjonen tar over energitransporten sidan han er meir effektiv. [3]

Sidan raude dvergar er heilkonvektive, samlar det seg ikkje helium i kjernen slik at dei kan fusjonera meir av hydrogenet før dei forlet hovudserien. Soleis har raude dvergar ein enorm estimert levetid; ifrå titals millardar til billionar av år, alt etter kor massive dei er (massive stjerner har generelt kortare levetid enn mindre stjerner). Desse levetidane er lengre enn den estimerte levetida til universet. [1]

Planetar[endre | endre wikiteksten]

Slik førestiller ein kunstar seg ein gassplanet i bane rundt ein raud dverg.

Ein ekstrasolar planet med ein masse lik Neptun, eller 17 jordmassar, blei oppdaga i bane rund den raude dvergen Gliese 581 i 2005. Han går i bane rundt Gliese 581 i ein avstand på 0,04 AE og har ein estimert overflatetemperatur på 150 °C, trass i den dimme moderstjerna. Seinare fann ein planet til; og i 2007 fann ein ein mogleg habitabel planet, Gliece 581 c, med ein estimert masse på 5,03 jordmassar, i bane rundt stjerna.

Den raude dvergen OGLE-2005-BLG-390L har óg ein planet krinsande rundt seg. Planeten har ein masse på 5,5 jordmassar og ein overflate temperatur på omtrent -220 °C (56 K). Han krinsar rundt stjerna med ein avstand på 390 millionar kilometer eller 2,6 AE og blei oppdaga i 2006.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Michael, Richmond (10. november 2004). Late stages of evolution for low-mass stars. Rochester Institute of Technology.
  2. Chabrier, G.; Baraffe, I.; Plez, B. (1996) «Mass-Luminosity Relationship and Lithium Depletion for Very Low Mass Stars» – Astrophysical Journal Letters, s. L91-L94.
  3. Thanu Padmanabhan (2001) Theoretical Astrophysics, s. 96-99 – Cambridge University Press. ISBN 0-521-56241-4.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]