Raudflamingo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raudflamingo

Status i verda: LC Livskraftig

Raudflamingo, Phoenicopterus ruber Foto: John Harrison
Raudflamingo, Phoenicopterus ruber
Foto: John Harrison

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Phoenicopteriformes
Familie: Phoenicopteridae
Slekt: Phoenicopterus
Art: P. ruber
Vitskapleg namn
Phoenicopterus ruber
Raudflamingo
Namn på andre språk
Svensk Karibisk flamingo, kubaflamingo, rosenflamingo
Engelsk American Flamingo, Caribbean Flamingo
Tysk Rosaflamingo
Fransk Flamant des Caraïbes, Flamant de Cuba, Flamant rouge
Spansk Flamenco del caribe
Russisk Krasnyj flamingo (Красный фламинго)

Raudflamingo (Phoenicopterus ruber) er ein av dei seks artane som utgjer slekta Phoenicopterus, einaste slekta i flamingofamilien, Phoenicopteridae. Raudflamingoen hekkar på Galapagosøyane, ved kysten av Colombia og Venezuela med øyane utanfor, på Yucatán-halvøya i Mexico, og i det nordlege Karibia inklusive øyane Bahamas, Hispaniola, Cuba og Turks- og Caicosøyane. I Florida har det vore gjort mange observasjonar av denne fuglen, dei fleste reknast å vere rømlingar frå parkar.

Raudflamingoen har kroppslengd på 120-140 cm, hannar veg ca. 2,8 kg og hoer ca. 2,2 kg. Artsnamnet kjem av at mykje av fjørdrakta har rosa farge. Den rosenraude farga skil raudflamingoen frå den mykje bleikare flamingoen, P. roseus. Vengdekkfjørene er raude, og dei primære og sekundære svingfjørene er svarte. Nebbet er rosa og kvitt med avgrensa svart spiss, og beina er heilt rosa. Lyden frå raudflamingoen er som tuting frå gjæser.

Til likskap med dei næraste slektningane føretrekk raudflamingoar habitat med salthaldige laguner, mudderbankar eller grunne innsjøar med ferskvatn eller brakkvatn. Som andre flamingoar, får dei eit kalkkvitt egg i kullet, det skjer mellom mai og august. Ruginga tar frå 28 til 32 dagar, begge foreldra har omsut for ungane i ein periode på opp til 6 år då dei vert kjønnsmodne. Forventa levetid er ca. 40 år, det er av det lengste blant fuglar.

Kjelder [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Raudflamingo