Raudknapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raudknapp


Knautia arvensis åkervädd.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Dipsacales
Familie: Dipsacaceae
Slekt: Knautia
Art: K. arvensis
Vitskapleg namn
Knautia arvensis
(L.) Coult., 1823
Knautia arvensis - harilik äiatar.jpg

Raudknapp er ei fleirårig plante i kardeborrefamilien. Utbreidd i Europa og Asia. Planta er kring 6 dm høg, med stivhåra stengel og mjuklodne grågrøne blad, som stundom er heile, men oftast buktfinna. Flat korg, om lag 3 cm brei. Raudfiolette blomstrar, lang lepe på blomstrane ytst i korga. Blømer kring juni månad i turre bakkar. Veks i Noreg nord til Troms. I Finnmark på avfallsplassar. Funnen opp til 1217 m på Hardangervidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.