Raudnebbterne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raudnebbterne


SternaParadisaeaSvalbard.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Sterniidae Terner
Slekt: Sterna
Art: S. paradisaea
Vitskapleg namn
Sterna paradisaea

Raudnebbterne er ein fugl i ternefamilien.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Raudnebbterna er ei smekker, langvenga terne med lang stjert. Fuglen vert 33–39 cm lang. Av dette utgjer stjerten 7–11,5 cm. Vengespennet er 66–77 cm og vekta drygt 100 gram. Stjerten er kløyvd inn til minst halve lengda og når utom vengespissane på ein ståande fugl. Feltkjenneteikna som best skil arten frå den snarlike makrellterna er kortare nebb, hals og hovud (som også er rundare), i tillegg til lengre stjert og mykje kortare bein. Desse er knapt synlege når fuglen står. Desse proporsjonane gjer at vengane ser ut til å site framfor midten på ein flygande fugl, mot midt på for makrellterna. Den vaksne fuglen har i hekkedrakt heilsvart isse, blodraude føter og ein nebb heilt utan svart spiss, som makrellterna har. Nedre delen av strupen, liksom halsen og buken, er lyst gråkvit. Når lyset er godt ser ein dette i kontrast til øvre delen av strupen, som liksom kinna er kvit. Vengane er jamt lysgrå på oversida, og alle svingfjørene er kvite og gjennomskinlege når ein ser fuglen frå undersida. Handsvingfjørene har ein liten svart spiss lengst ute. Dette gir den ytre vengebakkanten ein distinkt smal svart strek. I vinterdrakt har dei vaksne fuglane svart nebb og gråsvarte bein. Den heilsvarte issen frå sommartida er til dels borte, og fuglen har kvit panne, medan issa og nakken framleis er svarte. Det svarte feltet strekker seg fram over auga. Kinn, strupe, bryst og underside er kvite. Ungfuglen har i den første drakta lyseraude bein, oransje undernebb og gråsvart overnebb. Han er svart i nakken og lys med snev av beige framme i panna. Strupe, bryst og underside er kvite. I flukt ser ein den distinkte svarte bakkanten på både over- og undersida av handsvingfjørene, medan armsvingfjørene er kvite liksom stjert og overgump. Fuglen har nokre små gule innslag på vengeoversida. I august-september mørknar nebben til å verte heilsvart og nesten alt det gule bleiknar vekk frå fjørdrakta. Raudnebbternene kan ofte sjåast i flokkar på kring ti fuglar som flyg rett over bylgjekammane.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten har ei sirkumpolar utbreiing i den nordlege tempererte og kalde sonen. Hekkeområdet strekker seg gjennom nordlege delar av Eurasia og Nord-Amerika via Grønland og Island til Svalbard. I Europa held fuglane seg i kystområde sør til dei britiske øyane, derifrå austover gjennom Nederland, Tyskland og Danmark til austersjølanda, unnateke Latvia, Litauen og Polen. Arten har vore i tilbakegang i sørvestre delar av Europa i seinare år.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg hekkar fuglen vanleg langs kysten frå nordlege delar av Rogaland til Finnmark. I Nord-Noreg er fuglane også vanleg utbreidd i innlandet, der dei også kan treffast til fjells. I sørvest hekkar fuglane spreidd og fåtalig sørover til Lindesnes. Etter kvart har dei også etablert seg i ytre delar av Oslofjorden. På kysten langs Skagerrak hekkar fuglane sjeldan. Raudnebbterna er sterkare knytt til ytre kysttrakter enn makrellterna, men er også betre tilpassa til å jakte på insekt i indre fjellvatn enn denne. I Sør-Noreg hekkar fuglane sjeldnare i innlandet enn nordpå, og er først og fremst avgrensa til eit område som strekker seg frå nordlege delar av Buskerud gjennom Oppland og Hedmark til Femundsmarka og vidare nordover mot Trøndelag. Truleg hekkar fuglen i sjeldne tilfelle i låglandet på Austlandet. Den norske hekkebestanden er vurdert til 40 000 par. Talet er svært usikkert. Dette kjem av at arten er vanskeleg å skilje frå makrellterna, at talet svingar og at fuglane ofte skiftar hekkeplassar. Spesielt nordpå, der arten finst vanlegast, kan det gå fleire år mellom kvar gong hekkinga er vellukka.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Raudnebbterna hekkar oftast på små holmar og skjer, ofte nær strandkanten. Ho kan også ta i bruk halvøyar og nes på fastland. Reiret vert plassert i ope terreng, enten på berrt underlag som berg, grus og sand eller på grasmarkar, lyngheiar eller i sumplandskap. Ofte hekkar ho saman med makrellterna i blandingskoloniar. I innlandet er raudnebbterna knytt til fiskerike vatn og vassdrag. Fuglane hekkar i tette koloniar som somme gongar kan telje 1000 par. Oftast inneheld koloniane frå 20-30 og opp til 500 par. Somme gongar hekkar raudnebbterner enkeltvis. Dei største koloniane finst i Troms og Finnmark, og der i ytre kyststrok. Inn i mellom kan arten også etablere store koloniar ved ferskvatn inne i landet, I Finnmark er det konstatert over 200 par på ein slik lokalitet. Når raudnebbterna blandar seg med makrellterna er det vanleg at den arten som er underlegen i tal etablerer subkoloniar i utkanten av koloniområdet. Raudnebbterna vert normalt kjønnsmogen 3-4 år gammal. Hoa legg 2 (1-3) egg som vert ruga i kring 21 døgn. Egga vert lagde på underlaget i ei grop eller i eit enkelt reir bygd av strå, tang og liknande. I Sør-Noreg startar egglegginga i slutten av mai, ein månad tidlegare enn lengst nord i landet. Ungane dreg frå reiret etter to døgn, men held seg i nærområdet til dei vert flygedyktig etter kring tre veker. Foreldrefuglane er aggressive ved reiret og går ofte til angrep på inntrengaren. Det er vanleg med stabile partilhøve.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Fuglane et først og fremst fisk som sil, torsk, tobis og lodde. I tillegg kjem noko marine krepsdyr som tanglopper, krabbar og krill. I mindre grad kjem blautdyr, marine markar og bær, på hekkeplassane også insekt.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Raudnebbterna er ein dyktig flygar som er kjend som den arten i verda som har det lengste trekket. Fuglane flyg til farvatn i Antarktis der dei held seg når det er vinter i hekkeområda i nord. Somme individ stoppar truleg langs sør- og vestkysten av Afrika. Fuglane dreg frå Noreg frå slutten av juli til byrjinga av september og kjem attende til dei sølegaste landsdelane først i mai eller sist i april. Til Finnmark kjem dei ein månad seinare. Eitt år gamle fuglar i karakteristisk ungfugldrakt ser ein sjeldan i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]