Raudstrupesnipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raudstrupesnipe
Raudstrupesnipe Japan, mai 2012 Foto: Wikimedia-brukar Alpsdake
Raudstrupesnipe Japan, mai 2012
Foto: Wikimedia-brukar Alpsdake
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiingskart: grøn markering av hekkeområde, mørk blå makering av overvintringsområdet
Utbreiingskart: grøn markering av hekkeområde, mørk blå makering av overvintringsområdet
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Calidris
Art: Raudstrupesnipe C. ruficollis
Vitskapleg namn
Calidris ruficollis

Raudstrupesnipe (Calidris ruficollis) er ein vadefugl i snipefamilien som hekkar på begge sider av Beringsundet i Arktis og trekker til Søraust-Asia og Australasia på den nordlege vinteren.

Denne arten er blant dei minste vadefuglane, svært lik dvergsnipe, Calidris minuta, som ein gong var trudd å vere same arten. Raudstrupesnipa har mørkt nebb og mørke bein utan antyding til symjehud, og har raske rørsler. Ho skil seg frå dvergsnipe ved at raudstrupesnipa har litt kortare nebb og bein og er litt lengre i kroppsforma. Raudstrupesnipa måler 13-17 centimeter, har vengespenn på 28-37 cm og veg 21-51 gram.[1]

Hekkedrakta er mursteinraud på det meste av hovudet, nakken og strupen, den raudoransje strupen og øvre bryst er ustreka, kanta med mørke flekker nedanfor, og nokre kan vise ein svak kvit V på ryggen. Elles kvit underside som andre Calidris-sniper. Utanon hekkesesongen har vaksne fuglar kvit panne og augebryn, oversida med nakke og krone har bleikgråe fjør med brunstikk, fjørene er lysare mot kantane. Juvenile fuglar har meir kontrastar i oversida av fjørdrakta og svakare kvite linjer nedover ryggen enn relative deira. ropet er eit håst 'štít'.

Raudstrupesnipe er ein sterk trekkfugl, hekkar i Sibir, frå Tajmyrhalvøya til Beringsundet, og i nordvestre Alaska. Utanom hekkesesongen held dei seg i Søraust-Asia og Australasia, så langt sør som Tasmania og New Zealand. Dei er sjeldne streiffuglar til Vest-Europa. Det er vanleg at dei dannar store flokkar, òg saman med andre små Calidris-vadarar, til dømes saman med spisshalesniper og tundrasniper utanom hekketida. På New Zealand beitar dei i mindre einartsflokkar eller saman med skeivnebblo og nyzealandbeltelo.[2]

Hekkehabitatet er tundra, der beitar dei på våtmark og mjuk gjørme, hovudsakleg lokaliserer dei føda med synet. Habitatet utanom hekking er mudderbankar og gjørmete innsjøarbredder der dei beitar hovudsakleg insekt og andre smådyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. CRC Handbook of Avian Body Masses by John B. Dunning Jr. (Editor). CRC Press (1992), ISBN 978-0-8493-4258-5.
  2. Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Raudstrupesnipe