Raudvengtrast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raudvengtrast


RaudvengjetrostFoto: Andreas Trepte, Marburg
Raudvengjetrost
Foto: Andreas Trepte, Marburg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Turdidae
Slekt: Turdus
Vitskapleg namn
Turdus ilicus

Raudvengtrast, Turdus iliacus, er ein fugl i trastefamilien. Arten har ei nordleg utbreiing i Europa og Asia. Han hekkar frå Island og Færøyane i vest, gjennom heile Fennoskandia, sørover til Polen, og vidare austover gjennom Russland og Sibir heilt til elva Kolyma nær Stillehavet. I siste del av 1900-talet etablerte fuglen seg som fåtalig men regelmessig hekkefugl i Skottland. Raudvengtrasten er delt i to underartar, den eine hekkar på Island og Færøyane, og den andre i resten av området. Raudvengtrasten er vanleg i mesteparten av Noreg.

Raudvengtrasten hekkar i all slags skog, men unngår større felt med samanhengande barskog. Ein reknar med at over 1 million par hekkar her i landet. Populasjonen gjekk sterkt attende i perioden 2002 til 2012. Forskarane meinte at nedgangen kan vere relatert til klimaendringar. [1] Han lever av meitemakk, vevkjerring og biller. Utanom hekkesesongen et han og frukt, bær og sniglar.

Raudvengtrasten trekker sørover i september og oktober. Dei fleste funn av fugl som er ringmerka i Noreg vert gjort i Frankrike. Det er gjort funn så langt sør som Middelhavet og aust om Svartehavet. Raudvengtrastar overvintrar i Noreg i svært varierande tal. Somme vintrar med god tilgang på næring kan fuglane vere nesten vanlege på kystane i Sør-Noreg. Ved sterk kulde kan dei trekke sørover sjølv midtvinters. Trekket attende mot nord startar tidleg. Alt i april er han attende på hekkestaden. I Finnmark er han komen i midten av mai. Raudvengtrasten kjem oftast attende til same staden kvar sommar.

Fuglen kan synga heile dagen. Reiret er som regel godt skjult, oftast lågt i eit tre eller ei busk, eller direkte på marka. Egga vert lagt frå mai. Dei vert klekte etter om lag 14 dagar, og ungane er flygedyktige etter knapt to veker.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Raudvengtrast
  1. Norsk institutt for naturforskning: Færre fugl i fjellet
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.