Rauland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rauland kunstmuseum
Fiske ved Rauland

Rauland er ein tettstad i Vinje kommune i Telemark. Han ligg ved foten av Hardangervidda, mellom 700 og 1000 meter over havet, 210 km frå Oslo og 316 km frå Bergen. Rauland er ein kjend vintersportsstad, og har ei veksande hyttenæring.

Høgskolen i Telemark sitt institutt for folkekultur ligg i Rauland, og er den einaste utdanningsinstitusjonen i Noreg som tilbyr 2-årige utdanningar innan folkemusikk og folkekunst, deltidsstudium i tradisjonsmat og mastergradsstudium i tradisjonskunst. Instituttet har om lag 90 studentar og 20 fast tilsette. Instituttet leiger lokale av Raulandsakademiet, ei privat stifting som tilbyr kurs i husflid og handverk i samband med Folkeuniversitetet Rauland, i tillegg til overnatting. Andre leigetakarar er Folkemusikkarkivet i Telemark og Vinje kommune sitt lokalhistoriske arkiv og Spelemannsbladet. I tilknyting til Raulandsakademiet ligg Telemarkstunet, som er samansett av kopiar av lafta trehus, inkludert årestoge og eldhus.

Rehabiliteringsinstitusjonen AiR as er ein institusjon i spesialisthelsetenesta med arbeidsretta rehabilitering som fagområde.Institusjonen har også status som Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med oppgåver innan forsking, fagutvikling, formidling og nettverksbygging.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]