Rautasjaure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rautasjaure
innsjø
Land  Sverige
Del av 1. Bothnian Bay (International district Torne river - Sweden)
Kart
Rautasjaure
68°07′20″N 19°13′00″E / 68.122222222222°N 19.216666666667°E / 68.122222222222; 19.216666666667
Wikimedia Commons: Rautasjaure

Rautasjaure (nordsamisk Rávttasjávri) er ein innsjø sør for Torneträsk i Kiruna kommun i Sverige. Vassflata ligg 560 meter over havet, og han ligg i ein djup dal, omgjeve av fjell som strekkjer seg ca. 1000 meter over innsjøen. Rautasjaure har utløpet sitt lengst mot aust, via Rautas älv, som der danner eit utløp som gjeve svake straummer i delar av innsjøen. Rávttasjávri tyder «fjellrøyesjøen», noko som syner til dei rike førekomstane av røye i innsjøen.

Jámikasuolu, som tyder 'dei døde si øy', er ei øy i Rautasjaure der samer tidlegare gravla døde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]