Ravi Varma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ravi Verma)
Ravi Varma

Statsborgarskap Travancore
Fødd 29. april 1848
Kilimanoor
Død

2. oktober 1906 (58 år)
Attingal

Yrke kunstmålar, skapar
Språk malayalam, engelsk
Ektefelle ingen verdi
Ravi Varma på Commons

Raja Ravi Varma (29. april 18482. oktober 1906) var ein keralsk kunstmålar av kongeleg ætt. Han er særleg kjend for ulike framstillingar av biletvakre indiske kvinner og gudinner, og var truleg den som hadde mest å seia for utviklinga av hinduiske gudeframstillingar som naturlege, men perfekte menneske.

Måleri av Laksjmi. Framstillingar som denne blei svært folkekjære, og sette malen for korleis masseproduserte bilde av gudinner skulle vera.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ravi Varma blei fødd som ein prins i Kilimanoor-slottet i Travancore. Han tok tidleg til med å teikne og måla, og fekk etter kvart undervising, først av onkelen sin, seinare av slottsmålaren i Travancore, og meistra den sør-indiske thandjorstilen. Ved hjelp av prøving og feiling, og med hjelp frå den dansk-britiske kunstnaren Theodor Johnson, lærte han å bruka oljefargar og måla på europeisk vis. Etter kvart var det denne stilen han skulle velja og vidareutvikla for indiske motiv.

Varma gifta seg i 1866 med ei prinsesse frå kongehuset i Travancore.

Han blei kjend som kunstnar i 1873, då han vann førsteprisen på kunstutstillinga i Madras for «Nair Lady at her Toilet», som òg blei premiert på verdsutstillinga i Wien same året. Han skulle få fleire prisar seinare, men òg viktig støtte og oppdrag frå styresmaktene. Mellom anna blei han vald ut av Madras-guvernøren til å følgja med den britiske kronprinsen og måla høgdepunkta frå rundturen hans i India. Han blei invitert til kongane i Baroda og Mysore for å måla dei.

Kona til Varma døydde i 1891. I 1894 grunnla han eit trykkeri, «Ravi Varma Fine Arts Lithographic Press» i Bombay, som skulle få stor innverknad på det indiske kunstsynet. Han budde fleire år i Bombay, og laga då mange måleria av marathikvinner.

Den siste delen av livet sitt fungerte Varma som verge for den mindreårige kongen av Travancore, og måla mindre. Han var likevel ein viktig figur i kunstverda fram til han døydde av diabetes i 1906 — og etterpå.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Kvinne med fruktfat.

Som motiv valde Varma ofte tema frå hindueposa Mahabharata og Ramayana, men han måla òg mange vanlege indiske kvinner, frå keralske mødre til landsbyjenter. Medan han heldt seg til konvensjonane som sa at gudar til dømes hadde to par armar eller fleire andlet, er det stor likskap mellom gudar og menneske i måleria hans. Dei er alle realistisk proporsjonerte, men idealiserte i utsjånad.

Måleria til Varma blei svært populære i samtida hans, og blei både kopierte og plagierte. Dei inspirerte heile den såkalla «kalenderkunst»-industrien, av liknande gudebilde for kvardagsbruk, som fortsatt er viktig i dagens India.

På 1990-talet blei interessa for Varma sine verk vekka då mellom anna auksjonshusa Christie’s og Sotheby’s selde måleri av han. Varmabileta blei ein del av populærkulturen igjen, og dukka mellom anna opp i ein musikkvideo på MTV.

Varma er blitt både lovprist og kritisert for å ha innført ein europeisk-inspirert måte å avbilda gudar og mytologiske heltar på som etter kvart overskugga mange tradisjonelle kunstformer. Han er blitt skulda for å ha måla glansbilde, kvinner som berre er til fryd for auget. På den andre sida gjekk kvinnetypen hans inn i kulturen, slik at ein kunne skildra ei særs vakker kvinne som «som stigen ut av eit Ravi Varma-bilde».

Mange av verka til Varma er samla i Napier Museum i Thiruvananthapuram, hovudstaden i Kerala.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ravi Varma