Re Fotballklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Re Fotballklubb
Fullt namn Re Fotballklubb
Grunnlagd Ukjend
Heimebane Ingen
(Kapasitet: 700)
Hovudtrenar  Noreg Hein Irgens Henriksen
Liga 4. divisjon (2013)
Heimedrakt
Bortedrakt

Re Fotballklubb (stifta 24. november 2008) held til i Re kommune i Vestfold. Klubben blei etablert etter ei samanslåing av dei lokale klubbane Ivrig og Ramnes. Re FK overtok dermed plassen til Ivrig i 4. divisjon. A-laget i klubben spelar 2013-sesongen i 4. divisjon.

Drakter og fargar[endre | endre wikiteksten]

Re sine heimedrakter er svarte med kvite striper på ermene. Dei har inga bortedrakt, av di ingen i lokalområdet spelar med svarte drakter. Det blei først bestemt at draktene skulle vere kvite, men sidan så mange lag i lokalområdet har kvite drakter, så enda det med svart. Eit anna alternativ til draktfarge var grønt og gult, som representerer fargane i kommunevåpenet til Re Kommune.

Periode Produsent Sponsor
2008– Adidas Meny

Arenaer[endre | endre wikiteksten]

Klubbkampane blir spelt på Bergsåsen idrettspark eller på Bibomyra. I tillegg er den nybygde Meny Arena eit alternativ på vinterstid.

Klubbrekordar[endre | endre wikiteksten]

  • Største siger: 10-2 mot Holmestrand, 22. juni 2010
  • Største tap: 10-1 mot Bærum 2, 5. september 2011
  • Største tilskodartal: Bergsåsen Kunstgress, 520 tilskodarar mot Teie, 30. september 2010

Trenarar[endre | endre wikiteksten]

Hein Henriksen er trenar for Re Fotballklubb. Under er det ei liste over alle som har trent Re, frå 2008 til i dag.

Namn Nasjonalitet År
Kristoffer Aas  Noreg 2008–2009
Hein Irgens Henriksen  Noreg 2009–2010
Leif Roger Budeng-Larsen  Noreg 2011
Tore Flaatnes  Noreg 2011
Hein Irgens Henriksen  Noreg 2011-

Tabellstatistikk[endre | endre wikiteksten]

Sesong Divisjon Kampar Sigrar Uavgjort Tap Poeng Sluttplassering
2012 4. div 20 9 1 10 28 6.
2011 3. div 26 5 2 19 17 14.
2010 4. div 22 19 2 1 59 1.
2009 4. div 22 12 3 7 39 3.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]