Reading i Berkshire

Koordinatar: 51°27′15″N 0°58′23″W / 51.45417°N 0.97306°W / 51.45417; -0.97306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Reading

Motto
«A Deo et Regina»
(Med Gud og dronning)
Plassering
Reading i Berkshire is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Berkshire
Distrikt Sameint styresmakt
Grunnlagd 871 eller tidlegare
Geografi
Flatevidd
 - By

55,6 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

232 662
  4 184,6 /km²
Koordinatar 51°27′15″N 0°58′23″W / 51.45417°N 0.97306°W / 51.45417; -0.97306
Høgd over havet 61 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer RG
Telefon-retningsnummer 0118
Nettstad: www.reading.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Reading i Berkshire

Reading er ein by og ei sameint styresmakt i Berkshire i England. Han ligg ved staden der elvene Themsen og Kennet renn saman, omkring halvveges mellom London og Oxford. Byen er ved sida av London eit av dei viktigaste forretningssentera i det søraustlege England, og fleire store britiske og multinasjonale selskap har hovudkvartera sine der.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei busetjing vart grunnlagt på staden på 700-talet. Han hadde namnet Readingum, som anten kjem frå angelsaksisk for «Readdas-folket sin stad», eller frå keltisk Rhydd-Inge, «vadestaden»; den angelsaksiske teorien er den mest plausible. I 871 vart han erobra av vikingar. Då Domesday Book vart nedteikna i 1086 hadde han 600 innbyggjarar, og var ein borough, som moderne forstad tyder valkrins men som den gong viste til at det var ein befesta by. I mellomalderen kom mange pilegrimar til Reading Abbey.

Ved slutten av 1500-talet var Reading den største byen i Berkshire, med over 3000 innbyggjarar. Han var ein viktig kamparena under den engelske borgarkrigen. Byen skifta hende fleire gonger. På trass av gode festningar varte den lengste kringsetjinga, i april 1643, berre ti dagar. Reading var òg åstad for mange samanstøytar under den ærerike revolusjonen i 1688

I 1801 hadde byen omkring 9400 innbyggjarar, og han heldt fram å vekse. Produksjonsindustrien voks òg, og frå 1832 sende byen to representantar til parlamentet. Eit bystyre vart innført i 1839, og to år seinare kom jarnbana; endå ei jernbanelinje vart bygd i 1849. I 1851 var det 21 500 innbyggjarar, meir enn ei dobling på 50 år. Han fekk status som eit eige grevskap i 1887, og innan 1900 hadde folketalet igjen vorte dobla, til 59 000.

Blant særleg viktige varer som vart produsert var øl (spesielt India Pale Ale, som vart oppfunnen i Reading), planteknollar og kjeks. Sidan dette på engelsk heiter beer, bulbs og biscuits vart industrien til byen ofte referert til som The Three Bs, «Dei tre B-ane».

Byen fortsette å vekse på 1900-talet. I 1911 vart Caversham i Oxfordshire, på den andre sida av Themsen, innlema i Reading. I seinare år har det kome til ei rekkje nye bustadområde, og mange pendlarar har slått seg ned der. Det har òg kome til fleire kjøpesenter.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Reading FC spelar i Football League Championship, og har heimebana si på Madejski Stadium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Reading (Berkshire) frå Wikivoyage