Real Cool World
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Real Cool World Singel av David Bowie frå albumet Songs from the Cool World |
||
| B-side | «Real Cool World» (Instrumental) | |
|---|---|---|
| Utgjeve | august 1992 | |
| Innspelt | Mountain Studios, Montreux; Hit Factory, New York, juni/juli 1992 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 4:16 | |
| Selskap | Warner Bros. W0127 |
|
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
| Produsent | Nile Rodgers | |
| David Bowie-kronologi | ||
| Fame '90" (1990) Tin Machine: «One Shot» (1991) |
Real Cool World | «Jump They Say» (1993) |
«Real Cool World» er ein song frå filmmusikken til filmen Cool World, framført av David Bowie. Han kom ut i august 1992 og var det første nye solomaterialet til Bowie etter at Tin Machine vart oppløyst.
Songen var første gong Bowie arbeidde med produsent Nile Rodgers sidan Let's Dance. Samarbeidet deira resulterte i albumet Black Tie White Noise i 1993. «Real Cool World» vart seinare gjeven ut som eit bonusspor på Black Tie White Noise.
«Real Cool World» vart gjeven ut med mange forskjellige miksar og det vart laga ein musikkvideo med klipp frå Cool World. Singelen nådde berre 53. plass på den britiske singellista.
Medverkande [endre]
- Produsentar:
- Musikarar:
Andre utgjevingar [endre]
- Dead Eye Dolls - Diamond Gods: Interpretations of Bowie (2001)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Real Cool World» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- BowieNet, http://www.davidbowie.com/news/index.php?id=20100326