Reason to Believe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reason to Believe
Singel av Rod Stewart
frå albumet Every Picture Tells a Story
B-side

«Maggie May»

Språk engelsk
Utgjeve 1971
Innspelt 1971
Sjanger Softrock, folkrock
Lengd 4:10
Selskap Mercury Records
Tekstforfattar Tim Hardin
Låtskrivar(ar) Tim Hardin
Rod Stewart-kronologi 
«It's All Over Now»
(1970)
Reason to Believe «Every Picture Tells a Story» (Spania)
(1971)


«Reason to Believe» er ein song skriven og spelt inn av den USA-amerikanske visesongaren Tim Hardin i 1965. Han har sidan blitt spelt inn av kjende artistar som Carpenters, men dei mest kjende innspelingane er av Rod Stewart i 1971 og 1993.

Originalversjonen[endre | endre wikiteksten]

Etter at platekontrakten hans med Columbia Records enda, fekk Tim Hardin noko suksess i 1960-åra som låtskrivar i Greenwich Village. Den originale innspelinga av «Reason to Believe» kjem frå debutalbumet til Hardin, Tim Hardin 1, spelt inn i 1965 og vart gjeven ut på Verve Records i 1966 då han var 25.[1]

Originalinnspelinga vart nytta i filmen Wonder Boys i 2000.

Stewart-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Rod Stewart har den mest kjende versjonen av songen, gjeve ut i 1971 på Every Picture Tells a Story. Songen nådde 62. plass på eiga hand, før den andre sida av singelen, «Maggie May», overtok på veg til toppen av Billboard Hot 100.

Eit konsertopptak kom ut i 1993 og vart ein del spelt på radio som ein del av konserten hans på MTV Unplugged og albumet Unplugged...and Seated. Songen gjekk då inn på singellista på ny og nådde 19. plassen på Billboard Hot 100.

I alt låg «Reason to Believe» 41 veker inne på Hot 100, meir enn nokon annan Rod Stewart-singel.

Årslister (1993) Plassering
U.S. Billboard Hot 100[2] 90

Carpenters-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The Carpenters[3] spelte inn «Reason to Believe» for det andre albumet sitt, Close to You i 1970. På fjernsyn vart han framført på The 5th Dimension Travelling Sunshine Show den 18. august 1971[4] og Make Your Own Kind of Music den 7. september 1971.[5] Richard Carpenter miksa songen på ny for samlealbumet Interpretations: A 25th Anniversary Celebration i 1995.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Denny Laine spelte inn songen med Electric String Band i 1967.
  • Peggy Lee gav songen ut på singel i 1968 i lag med ein annan Hardin-song, «Misty Roses». Eit konsertopptak finst på albumet 2 Shows Nightly.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biography of Tim Hardin - Henta 3. februar 2015
  2. «Billboard Top 100 - 1993». Arkivert frå originalen 10. november 2006. Henta 27. august 2010. 
  3. http://www.richardandkarencarpenter.com/Album_CloseToYou.htm
  4. Carpenters on TV, arkivert frå originalen 19. februar 2007, henta 4. februar 2015 
  5. arkivkopi, arkivert frå originalen 23. februar 2007, henta 4. februar 2015 
  6. Grateful Dead Family Diskografi:Earth Music
  7. Greene, Andy (18 April 2014). «Neil Young's New Covers Album Available Right Now: Surprise!». Rolling Stone. Henta 19 April 2014.