Rebbenesøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rebbenesøya
Lokalt namn: Ruobbá
Geografi
Norway - Rebbenesøya.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 70°03′N 18°47′EKoordinatar: 70°03′N 18°47′E
Areal 80,6 km²
Høgaste punkt Geittinden (694 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms
Demografi
Folketal 140 (2001)
Folketettleik 1,7 /km²

Rebbenesøya (samisk: Ruobbá) er ei øy i Karlsøy og Tromsø kommune i Troms. Øya ligg nordaust for Ringvassøya. Rebbenesøya har eit areal på 80,6 km² (der 28,1 km² ligg i Tromsø kommune), og det høgaste punktet på øya er Geittinden på 694 moh. Øya hadde om lag 140 innbyggjarar i 2001.

Det er ferjesamband mellom Bromnes aust på Rebbenesøya og Mikkelvik på Ringvassøya. Fylkesvegen mellom Bromnes og Løksfjord fekk asfaltdekke i 2006/07. [1]

Troms Kraft planlegg eit vindkraftverk ved Måsvik på Rebbenesøya. [2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I Toftefjorden på Rebbenesøya vart 12 norske kommandosoldatar frå Kompani Linge angripen av ein tysk minesveipar 30. mars 1943. Den einaste som klarte å flykte var Jan Baalsrud, som greidde å rømme til Sverige. Eit monument over dei drepne står i Toftefjorden. Baalsrud sin flukt er omhandla i romanen Ni liv, som seinare vart filmatisert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Asfalt på Rebbenesøya
  2. Vindkraftver k på Rebbenesøya

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]