Rebecca West

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rebecca West

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 21. desember 1892
London
Død

15. mars 1983 (90 år)
London

Yrke journalist, skribent, litteraturkritikar, essayist, Woman's Social and Political Union-medlem, prosaforfatter, kommentator, romanforfattar
Språk engelsk
Medlem av American Academy of Arts and Sciences
Far Charles Fairfield
Mor Isabella Campbell Mackenzie
Ektefelle Henry Maxwell Andrews
Partnar H.G. Wells
Rebecca West på Commons

Cicely Isabel Fairfield, gift Andrews, (21. desember 189215. mars 1983) var ein britisk journalist, kritikar, forfattar og feminist kjend under pseudonymet Rebecca West.

West fann pseudonymet sitt etter ei kort tid ved scenen, der ho mellom anna spelte i Rosmersholm av Henrik Ibsen. Ho vart mellom anna kjend for repoartasjane sine frå Nürnbergrettssakene, som er samla i A Train of Powder (1955). The Meaning of Treason (1949, 1965) er studiar av naturen i forræderiet, med utgangspunkt i kjende rettssaker. Ho er også kjend for romanar som The Return of the Soldier (1918), Harriet Hume (1929), The Thinking Reed (1936) og The Fountain Overflows (1957).

Rebecca West blei utnemnd til Commander of the British Empire i 1949 og Dame of the British Empire i 1959. Ho var ein aktiv skribent like til det siste, og opplevde at hennar feministiske romankarakterar vakte fornya interesse i 1970- og 1980-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Rebecca West» av Ragnhild Nessheim i Store norske leksikon, snl.no.