Rebop Kwaku Baah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rebop Kwaku Baah

Fødd13. februar 1944
FødestadKonongo
Død12. januar 1983 (38 år)
DødsstadStockholm i Sverige
FødenamnAnthony Kwaku Baah
OpphavGhana, Tyskland
SjangerRock, jazzfusion, jazz
InstrumentTrommer, congatrommer, perkusjon
Tilknytte artistarTraffic, Can, Zahara
Verka somMusikar

Anthony «Rebop» Kwaku Baah (13. februar 194412. januar 1983) var ein ghanesisk perkusjonist som kanskje er mest kjend for arbeidet sitt i 1970-åra med rockegruppene Traffic og Can.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I 1969 spelte Rebop på Randy Weston-albumet African Rhythms før han vart medlem av det engelske bandet Traffic frå 1971 til 1974, etter å ha møtt dei i Sverige under ein turné i 1971. Han er med på albuma Welcome to the Canteen, The Low Spark of High Heeled Boys, Shoot Out at the Fantasy Factory og On the Road.

I 1973 spelte han på Eric Clapton's Rainbow Concert i lag med Eric Clapton, Pete Townshend, Rick Grech, Jim Capaldi, Ronnie Wood, Jimmy Karstein og Steve Winwood.

Etter at Traffic vart oppløyst, spelte han på Steve Winwood sitt debutalbum som soloartist, som kom ut i 1977. I 1977 vart han òg medlem av det tyske bandet Can i lag med tidlegare Traffic-bassist Rosko Gee, og spelte med dei til bandet vart oppløyst i 1979. Han er med på albuma deira Saw Delight, Out of Reach og Can.

I 1983 spelte han inn eit album med Zahara, ei gruppe med fleire kjende medlemmar som Paul Delph (klaverinstrument), Bryson Graham (trommer) og Rosko Gee (bass).[1]

Rebop døydde av hjerneblødning under ein konsert i Sverige i 1983. Han hadde opphavleg reist der som ein del av turnebandet til Jimmy Cliff. Det siste albumet hans, Melodies in a Jungle Mans Head, kom ut i uferdig stand.[2]

Rebop må ikkje forvekslast med den nigerianske trommeslagaren Remi Kabaka. Reebop og Remi var begge med på Jim Capaldi-albumet Short Cut Draw Blood frå 1975. Dei spelte òg begge med Steve Winwood til forskjellige tider.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • 1972 Reebop
  • 1973 Anthony Reebop Kwaku Baah (1973)
  • 1977 Trance (1977)
  • 1983 Melodies in a Jungle Mans Head (1983)

med Traffic[endre | endre wikiteksten]

med Can[endre | endre wikiteksten]

med andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]