Recherchefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Recherchefjorden er ein fjordarm på sørsida av BellsundSpitsbergen og Svalbard. Han er om lag 7 km lang og 5 km brei og strekkjer seg sørover til munningen av Recherchebreen.

Fjorden ligg på austsida av Klokkefjellet og Calypsobyen ligg på vestsida av fjorden. Lenger aust går Van Keulenfjorden sørvestover. Begge desse fjordane er ein del av Sør-Spitsbergen nasjonalpark.