Recknitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Recknitz
elv
Land  Tyskland
Nedslagsfelt 2 676 km²
Lengd 72 km
Kjelde Mecklenburg
Munning Austersjøen
Kart
Recknitz
54°15′07″N 12°27′23″E / 54.251944°N 12.456389°E / 54.251944; 12.456389
Wikimedia Commons: Recknitz

Recknitz er ei elv i Mecklenburg-Vorpommern nordaust i Tyskland. Recknitzdalen strekkjer seg heilt sør til høgdene ved Glasewitz nær Güstrow. Elvar har ikkje eit klart utspring, men byggjer seg opp frå fleire bekkar og småelvar. Bekkane Schaalbeke og Pludderbach renn forskjellige vegar mellom Liessow og Laage, men det meste av vatnet renn nordover som Recknitz, medan ein mindre del, kalla Augraben, renn sørover til elva Nebel.

Recknitz (frå Ribnitz-Damgarten til Bad Sülze) er den historiske grensa mellom Mecklenburg og Vorpommern.

Dei siste åra har ein gjort fleire tiltak for å føre elveløpet tilbake til sin naturlege tilstand, noko som skal gjere landskapet meir attraktivt for turistar. Langs eit strekke på 30 km er tre delar erklært for verna område.

Recknitz er 72 km lang og munnar ut i Saaler Bodden nær Ribnitz-Damgarten.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]