Reconstructionist Rabbinical College

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

The Reconstructionist Rabbinical College (RRC) er hovudutdanningsinstitusjonen for rekonstruksjonistiske rabbinarar i USA. Seminaret, som i dag ligg i Wyncote i Pennsylvania er akkreditert av Kommisjonen for høgre utdanning ved Middle States Association of Colleges and Schools i USA. Det femårs programmet, som inkluderer eitt studieår i Israel, leier fram til tittelen rabbinar og ein MA-grad i hebraisk språk.

RRC har òg tre programsenter:

  1. Kolot er eit senter for kjønnsstudium og kvinnestudium;
  2. The Center for Jewish Ethics er eit senter for jødisk etikk; og
  3. Hiddur er eit senter for studium av aldring og jødedom.

Seminaret vart grunnlagt i 1968 av grunnleggjaren av den rekonstruksjonistiske rørsla, Mordecai Kaplan, og heldt opphavleg til i to murbygningar i 2308 North Broad Street i Philadelphia i Pennsylvania. I september 1982 flytte RRC til den tidlegare Curtis Mansion ved Greenwood Avenue i Wyncote i Pennsylvania — ein forstad rett nordom Philadelphia. Hovudbygningen, som er om lag 2 560 m², er bygd i raud teglstein med skifertak og er eit eksempel på georgiansk arkitektur (om lag det same som Louis-seize-arkitektur). Bygningen inneheld klasserom, ein foajé, kontor for undervisnings- og administrasjonspersonal, Mordecai M. Kaplan-arkiva, eit kapell, ein kafeteria og ymse konferanserom. Ei om lag 560 m² stor garasje- og lagerbygning ligg òg i nærleiken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]