Redruth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Redruth

kornisk Resrudh
Fore Street, sentrum i Redruth
Fore Street, sentrum i Redruth
Plassering
Redruth is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Cornwall
Distrikt Cornwall
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

12 352
Koordinatar 50°14′″N 5°13′″WKoordinatar: 50°14′″N 5°13′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer TR15
Telefon-retningsnummer 01209
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Redruth

Redruth (kornisk: Rysrudh) er ein by og eit verdsleg sokn i Cornwall i England. Han ligg omkring halvannen mil vest for Truro og to mil austom St. Ives.

Historisk var Redruth ein liten marknadsby, inntil han byrja å vekse under koparboomen1700-talet. Gruvedrifta i Cornwall var mest fokusert på tinn, medan kopar hadde mindre tyding. Med auka behov for kopar under den industrielle revolusjonen vart Redruth, som var omgjeve av større koparførekomstar, raskt eit av dei største og rikaste sentera for gruvedrift i Storbritannia. Folkesetnaden steig påviseleg i denne perioden.

Mot slutten av 1800-talet importerte Storbritannia det meste av koparen det var behov for, og gruveindustrien i Cornwall møtte nedgangstider. Mange av gruvearbeidarane emigrerte til Nord- og Sør-Amerika, Australasia og Sør-Afrika. Den siste kommersielle gruva i Cornwall, South Crofty, låg ved Pool mellom Redruth og Camborne. Han vart stengt i mars 1998.

Folketalet gjekk som følgje av nedleggingane ned, og det verdlege soknet, som omfattar nokre område utanfor sjølve byen, hadde ved folketeljinga i 2001 12 352 innbyggjarar.

Blant kjende innbyggjarar finn ein William Murdoch (17541839) som var ein av pionerende innanfor gassdriven belysning. Han budde i Redruth frå 1792, og skal ha brukt gassbelysning i huset sitt, noko som er eit av dei første døma på slik nytte av gass. Skodespelarinna Kristin Scott Thomas og trommeslagaren Mich Fleetwood frå Fleetwood Mac vart fødde i Redruth, medan forfattaren og komikaren Rory McGrath voks opp og gjekk på skule der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]