Reelt bilete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øvst: Danninga av eit reelt bilete ved hjelp av ei konveks linse. Nedst: Danninga av eit reelt bilete ved ein holspegel. I begge figurane er f  brennpunktet, O  er objektet og I  biletet. Dei blå linjene indikerer lysstråler. Ein kan sjå at biletet er danna av dei faktiske lysstrålene og dermed kan danne eit synleg på ein skjerm der biletet opptrer.

Eit reelt bilete av eit objekt er når biletpunkta kjem fram direkte som eit kryssingspunkt for referansestrålene.

Samlelinser eller konvekse linser og holspegel (konkave speglar) gjev reelle bilete av objekt som ligg lenger frå linsa (eller spegelen) enn brennplanet. Særs fjerne objekt vert avbilda sterkt forminska i brennplanet, noko som vert utnytta i kikkertar. Når objektet rykker mot linsa (spegelen), rykker biletet bort frå linsa og aukar i storleik. Når objektet ligg nærare linsa (spegelen) enn det dobbelte av brennvidda, er bilete forstørra, noko som vert vert utnytta i mikroskop.

Begge typar bilete kan ein sjå direkte frå eit punkt bak bilete (rekna i stråleretninga). Ein kan til dømes sjå omgjevnadane sine gjennom ei positive brille eller ei leselupe heldt i god avstand frå auge. Ein ser då objektet dreidd 180° om aksen til linsa. Visst ein på tilsvarande måte ser på omgjevnadane sine i ein holspegel, ser ein lekamen dreidd 180 ° og spegelvendt (ei høgrehand blir no avbilda som ei venstrehand) og eit slikt bilete vert kalla invertert.

Ein kan òg sjå reelle bilete indirekte ved å fange dei opp på ein meir eller mindre gjennomskinneleg materiell flate (filmlerret, mattglasplate, fotografisk film eller liknande). Visst vi ser biletet på mattglassplata frå ein stad bak i biletet (i retning mot linsa eller spegelen), er situasjonen analog med den som vart skildra ovanfor. I retning mot linsa ser vi då biletet dreidd 180°, og i retning mot spegelen ser vi eit invertert bilete. Visst vi ser det same biletet i retning frå linsa eller spegelen, skjer ei ny spegelvending, og biletet er for linsa sitt vedkommande invertert (som i eit camera obscura) og for spegelen sitt vedkommande berre dreidd 180° der den andre spegelvendinga opphevar den første.

Eit invertert, reelt bilete kan ein òg få på eit filmlerret ved å snu lysbiletet i framvisaren bak-fram og opp-ned.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]