Reese Witherspoon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reese Witherspoon på Det ovale kontoret 25. juni 2009.

Laura Jeanne Reese Witherspoon (fødd 22. mars 1976), betre kjend som Reese Witherspoon, er ein USA-amerikansk skodespelar og filmprodusent. I 1998 spela ho i tre større filmar: Overnight Delivery, Pleasantville og Twilight. Det påfølgjande året spela Witherspoon i den kritikarrosa Election, som ho vart nominert til Golden Globe for. 2001 vart eit vendepunkt i karrieren hennar, med gjennombrotsrolla som «Elle Woods» i kinosuksessen Legally Blonde, og i 2002 spela ho hovudrolla i Sweet Home Alabama, som vart den største kommersielle suksessen i karrieren hennar så langt. I 2003 vende ho tilbake som hovudrolleinnehavar og produksjonsleiar for Legally Blonde 2: Red, White & Blonde. I 2005 fekk Witherspoon merksemd og ros verda over, då ho spela June Carter Cash i Walk the Line, som ho fekk Oscar, Golden Globe, BAFTA og Screen Actors Guild Award for «Beste kvinnelege hovudrolle» for.

Witherspoon gifta seg med skodespelar og medspelar i Cruel Intentions, Ryan Phillippe, i 1999. Dei har to ungar saman, Ava og Deacon. Paret vart separert mot slutten av 2006 og dei skilde seg i oktober 2007.

Witherspoon eig eit produksjonsselskap, Type A Films, og ho har involvert seg aktivt i organisasjonar som kjempar for rettane til kvinner og barn. Ho sit i styret i Children’s Defense Fund (CDF) og vart globalambassadør for Avon Products i 2007, då ho var æresleiar for velgjerdsorganisasjonen Avon Foundation.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

År Originaltittel Norsk tittel Rolle
1991 The Man in the Moon Det hendte en sommer Dani Trant
Wildflower Ellie Perkins
1992 Desperate Choices: To Save My Child Cassie
1993 A Far Off Place Flukten gjennom Kalahari Nonnie Parker
Jack the Bear Karen Morris
Return to Lonesome Dove
(miniserie for fjernsyn)
Ferris Dunnigan
1994 S.F.W. Wendy Pfister
1996 Freeway Vanessa
Fear Nicole Walker
1998 Twilight Sannhetens time Mel Ames
Overnight Delivery Ivy Miller
Pleasantville Jennifer/Mary Sue
1999 Cruel Intentions Et farlig spill Annette Hargrove
Election Tracy Flick
Best Laid Plans Lissa
2000 Little Nicky Lille Nicky – Djevelungen Holly (birolle)
American Psycho Evelyn Williams
2001 The Trumpet of the Swan Serena (stemme)
Legally Blonde Lovlig blond Elle Woods
2002 The Importance of Being Earnest Cecily Cardew
Sweet Home Alabama Melanie Carmichael
2003 Legally Blonde 2: Red, White & Blonde Lovlig blond 2 Elle Woods (og produksjonsleiar)
2004 Vanity Fair Becky Sharp
2005 Walk the Line June Carter Cash (også vokal)
Just Like Heaven Elizabeth Masterson
2007 Rendition Antatt skyldig Isabella El-Ibrahimi
2008 Penelope Annie
Four Christmases Kate
2009 Monsters vs. Aliens Susan Murphy / Ginormica (stemme)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]