Reeves Gabrels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reeves Gabrels
Reeves Gabrels.jpg
Gabrels i 2008.
Fødd 4. juni 1956 (57 år)
New York i USA
Instrument Gitar, vokal
Sjanger Rock
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar The Dark, Life on Earth, Rubber Rodeo, The Bentmen, Modern Farmer, David Bowie, Tin Machine
Nettstad [http://www.reevesgabrels.net www.reevesgabrels.net]

Reeves Gabrels (fødd 4. juni 1956) er ein amerikansk gitarist, soloartist, låtskrivar, og produsent.

Han har spelt for mange artistar, men er mest kjent for innsatsen sin i bandet Tin Machine (1988-1992) og for å vere David Bowie sin faste gitarist fram til 1999. Den eksentriske og virtuose spelestilen hans har ført til både begeistring og fortviling hos dei som har høyrt han. Reeves Gabrels har òg jobba saman med The Cure, Ozzy Osbourne, Frank Black og ei rekkje andre artistar.

Gabrels har gjeve ut tre album under eige namn. The Sacred Squall Of Now (1995), Ulysses (2000) og Rockonica (2005). På desse albuma figurerer David Bowie, Charlie Sexton, Frank Black, Dave Grohl, Gary Oldman og Robert Smith. Han gav i 1995 òg ut den eksperimentelle jazzskiva A Night in Amnesia saman med gitaristen David Tronzo. Han spelte òg i band som Modern Farmers og Bentmen som begge gav ut album med Gabrels som gitarist.

Gabrels har òg laga filmmusikk og musikk til spela Omikron: The Nomad Soul og Deus Ex.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Tin Machine

David Bowie

Solo

  • The Sacred Squall of Now (1995)
  • Ulysses (Della Notte) (2000)
  • Rockonica (2005)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]