Reformasjonen i England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Cranmer (1489–1556) var erkebiskopen av Canterbury og hovudforfattaren av den første og andre Book of Common Prayer.

Reformasjonen i England var ei religiøs omvelting som kom samstundes med reformasjonen i andre delar av Europa, men som likevel var svært forskjellig i karakter og opphav.

Den var først og fremst ei politisk hending. Teologiske argument stod i utgangspunktet ikkje i høgsetet. Det som starta det heile var at kong Henrik VIII insisterte på at paven skulle sørgje for at ekteskapet hans blei erklært ugyldig. Brotet med Roma kom motvillig, etter at andre middel for å få vilja til kongen gjennom var utprøvd. Først då Edvard VI kom på trona blei det gjennomført eit teologisk brot med den katolske tru. Etter ei tilbakevending til katolisismen under Maria I blei reformasjonen oppteke på ny og blei styrkt under Elizabeth I.