Reformisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Reformisme betyr generelt å vere for reformer av eit eller anna slag, i ein eller annan kontekst (samanheng). Ei reform er ei endring på eit område, men utan å avskaffe det beståande heilt og begynne på nytt. Ordet reform seier i seg sjølv ikkje noko om retninga på endringa.

Nemninga reformisme blir likevel i hovudsak bruka om historia til den sosialistiske arbeidarrørsla, om ein bestemt strategi for omdanning av samfunnet i sosialistisk lei. Den reformistiske strategien avviser vald anna enn i sjølvforsvar, og under føresetnad av demokratiske og frie tilhøve, vil ein endre samfunnet gradvis og med lovlege middel.

I praksis har alle sosialistiske parti som har fått massetilslutning i demokratiske land ført ein reformistisk politikk, også dei som har kalla seg kommunistiske og revolusjonære, som kommunistpartia i Italia og Frankrike.

Ein praktisk reformisme heng ofte i hop med ein teoretisk revisjonisme, det vil seie revisjon (endring) av ideane til Karl Marx. Men det har også vore tilfelle der sosialistiske parti har halde på dei revolusjonære teoriane, men ført ein reformistisk praksis. Dette gjeld til dømes det tyske sosialdemokratiske partiet før første verdskrigen, og dei største kommunistpartia i Vest-Europa og Latin-Amerika etter andre verdskrigen.