Reggio Emilia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reggio Emilia
Reggio Emilia sett frå lufta
Reggio Emilia sett frå lufta
Plassering
Reggio Emilia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Emilia-Romagna
Reggio Emilia
Borgarmeister Graziano Delrio
Geografi
Flatevidd
 - By

231 km²
Innbyggjarar
 - Totalt
   - folketettleik

167 013
  612/km²
Koordinatar 44°42′″N 10°38′″EKoordinatar: 44°42′″N 10°38′″E
Høgd over havet 58 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 42100
Telefon-retningsnummer 0522
Nettstad: www.municipio.re.it

Reggio Emilia (latin Lepidi, Lepidum Regium, Regium Lepidi og Regium, offisielt Reggio nell'Emilia) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Reggio Emilia i regionen Emilia-Romagna og har om lag 165 000 innbyggjarar.

Gamlebyen har ei sekskanta form, som kjem av dei eldgramle bymurane og hovudbygningane er frå 1500- til 1800-talet. Byen ligg på ei slette som elva Crostolo renn over.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken og tidleg mellomalder[endre | endre wikiteksten]

Byen var ikkje opphavleg romersk, men vart ein historisk stad etter at romarvegen Via Aemilia vart lagt til byen, frå Piacenza til Rimini (187 fvt.). Reggio vart eit rettssentrum med eit romersk forum, først kalla Lepidi, så Lepidum Regium og til slutt berre Regium, som det noverande namnet kjem frå.

Byen var ein militærstasjon langs Via Aemilia, men òg ein blømande by og ein Municipium med eigne lover, magistratar og kunstskule.

Apollinaris av Ravenna førte kristendomen til byen i det 1. hundreåret evt og han var eit bispesetet etter ediktet i Milano i 313. I 440 vart bispedømet i Reggio derimot underlagt Ravenna i Vestromarriket. Mot slutten av 300-talet hadde Reggio forfalle så mykje at Ambrosius av Milano rekna han som ein av forsømte byane. Øydeleggjingane vart verra av barbarane sine invasjonar. Etter Vestromarriket fall (476) vart Reggio ein del av Odoacer sitt rike. I 489 vart han ein del av Det austgotiske kongedømet og seinare, i 539, ein del av Eksarkatet Ravenna. Han vart erobra av Alboin sine langobardar i 569. Reggio vart vald som sete i Hertugdømet Reggio.

I 773 erobra frankarane Reggio og Karl den store gav biskopen kongeleg autoritet over byen og sette grensene til bispedømet i 781. I 888 vart Regio gjeve til Kongedømet Italia. I 889 gjekk madjarane til åtak på byen og øydela store delar av han og tok livet av biskop Azzo II. Etter dette vart det bygd nye bymurar. 3. oktober 900 gav keisar Ludvig III løyve til å reise ein castrum (borg) i sentrum av byen.

I 1002 vart området til Reggio, i lag med Parma, Brescia, Modena, Mantova og Ferrara, slått saman med grenseområda til Toscana, seinare halde av Matilde av Kanossa.

Corso Garibaldi og basilica della Ghiara.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Reggio vart ein fri kommune rundt slutten av 1000- og byrjinga av 1100-talet. I 1167 vart han eit medlem av Det lombardiske forbundet og tok del i slaget ved Legnano. I 1183 signerte byen Konstanz-traktaten der byen sin konsul, Rolando della Carità, fekk keisarleg innsettingsrett. Fredstida som følgde var ein periode med velstand. Reggio fekk nye lover, fekk prege eigne myntar, oppretta anerkjende skular og utvikla handelen sin og kunsten.

Palazzo del Monte på Piazza del Duomo med fonten til elva Crostolo.

I 1152 var Reggio i krig med Parma og i 1225 med Modena, som ledd i striden mellom Welf og Ghibellini i Italia. I 1260 kom 25 000 skrifteborn ført av ein eremitt frå Perugia og denne situasjonen roa ned situasjonen ei stund. Striden ulma derimot opp igjen og så tidleg som 1265 tok Ghibellini livet av Welf sin leiar, Caco da Reggio, og tok overtaket. Striden haldt fram mot biskopen og to nye parti, Inferiori og Superiori. Sistnemnde vann til slutt striden.

For å hindre misgjeringar frå dei mektige familiane som Sessi, Fogliani og Kanossa, gav Senatet i Reggio byen over til Obizzo d'Este frå familien Este for ein treårsperiode. Dette skulle forme framtida til Reggio sidan Obizzo haldt fram med eit de facto styre av byen etter at avtalen var gått ut. Sonen hans Azzo vart kasta ut av Reggion i 1306, og det vart oppretta ein republikk styrt av 800 vanlege innbyggjarar. I 1310 sette keisar Henrik VII inn marki Spinetto Malaspina som statthaldar, men han vart snart jaga bort. Republikken forsvann i 1326 då kardinal Bertrando del Poggetto annekterte Reggio til Kyrkjestaten.

Byen vart så styrt av Johan av Böhmen, Nicolò Fogliani og Martino della Scala, som i 1336 gav han til Luigi Gonzaga. Gonzaga bygde ei festning i byen og øydela 144 hus. I 1356 erobra familien Visconti frå Milano med hjelp frå 2 000 regginarar byen og starta ein forvirrande periode der makta vart delt med Gonzaga-familien. Til slutt selde sistnemnde sin del til Visconti for 5 000 dukatar. I 1405 omleira Ottobono Terzi av Parma Reggio, men vart drepen av Michele Attendolo, som gav byen til Nicolò III d'Este, som så vart seignor av Reggio. Byen var derimot framleis relativt sjølvstyrt med eigne lover og mynter. Nicclo vart etterfulgt av den uekte sonen Lionello, og frå 1450 av Borso d'Este.

Hertugdømet Reggio[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Hertugdømet Reggio og Hertugdømet Modena og Reggio.

I 1452 fekk Borso tittelen hertug av Reggio og Modena av keisar Ferdinand III. Borso sin etterfølgjar var Ercole I.

I 1513 vart Reggio gjeve til pave Julius II. Byen kom tilbake til Este etter Hadrian VI døydde (29. september 1523). I 1551 øydela Ercole II d'Este forstadane i byen for å byggje ein ny bymur. Mot slutten av hundreåret byrja ein å byggje Basilica della Ghiara.

Barokkyrkja San Giorgio.
«Tricolorerommet» i Rådhuset der dei tre fargane i det italienske flagget vart nytta for første gong.

Este sitt styre varte til 1796, med korte unntak i 1702 og 1733-1734.

Napoleontida og gjenopprettinga[endre | endre wikiteksten]

Den første franske republikken sine troppar vart tatt godt imot i byen. I august 1796 vart hertugen sin garnison på 600 menn driven bort og senatet tok over styret i Regio og hertugdømet. 25. september slo frivilige i det midlertidige styret tilbake ein austerriksk styrke i slaget ved Montechiarugolo. Sjølv om hendinga var lita var dette samanstøtet rekna som den første i den italienske Risorgimento. Napoleon sjølv gav Reggiani 500 gevær og 4 kanoner som løn. Han okkuperte seinare Emilia og oppretta ein ny provins, Den cispadanske republikken proklamert i Reggio 7. januar 1797.

Wienertraktaten førte Reggio tilbake til Francesco IV d'Este (1815). I 1831 gjorde Modena opprør mot han og Reggio følgde dømet med å opprette eit korps under general Carlo Zucchi. 9. mars erobra derimot hertugen byen med eskorte frå austerrikske soldatar.

I 1848 forlet hertug Francesco V staten sin i frykt for revolusjon. Reggio erklærte seg annektert av Piemonte, men då dei tapte slaget ved Novara vart byen ført tilbake til Este. I 1859 vart Reggio, under diktator Luigi Carlo Farini, igjen ein del av Italia og dette vart stadfesta gjennom ei folkeavstemming 10. mars 1860.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Reggio opplevde ein periode med folkevekst og betre økonomi frå 1873. I 1911 hadde han 70 000 innbyggjarar. Ei sterk sosialistrørsle voks fram, og under facistregimet vart innbyggjarane undertrykt på grunn av dette.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Reggio Emilia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]