Reggio di Calabria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reggio di Calabria
Collage Reggio Calabria.jpg
Byvåpenet til Reggio di Calabria
Byvåpenet til Reggio di Calabria


Plassering
Reggio di Calabria is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Calabria
Reggio Calabria
Grunnlagd 700-talet fvt.
Borgarmeister Giuseppe Scopelliti
Geografi
Flatevidd
 - By

236 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2010)
   - folketettleik

186 006
  788/km²
Koordinatar 38°07′″N 15°40′″EKoordinatar: 38°07′″N 15°40′″E
Høgd over havet 31 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 89100
Telefon-retningsnummer 0965
Nettstad: www.reggiocal.it

Reggio di Calabria er den største og eldste byen i Calabria heilt sør i Italia, på «tåa» til den italienske «støvelen». Han er hovudstad i provinsen Reggio Calabria og har om lag 186 006 innbyggjarar. Byen vart grunnlagd på 700-talet fvt.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Reggio di Calabria ligg på tåa til den italienske støvelen, like ovanfor øya Sicilia. Han ligg ved foten av Aspromonte, ei lang og ulendt fjellkjede som går langs midten av regionen. Området har våre råka av mange jordskjelv og tsunamibølgjer gjennom tidene.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fil:Reggio Calabria Duomo.jpg
Fasaden til domkyrkja i Reggio di Calabria

Byen vart grunnlagd som Rhegion av greske kolonistar på 700-talet fvt. og vart tidleg råka av fleire store jordskjelv og påfølgjande tsunamiar. Under Romarriket vart han kalla Rhegium Julium, som ein romersk adelsby. Seinare vart Reggio di Calabria ein by i Austromarriket og frå 1100-talet ein del av Kongedømet Sicilia. På 1200-talet kom byen inn under Kongedømet Napoli.

Reggio di Calabria er kjend som staden der den første hebraiske boka, ei Rashi-tolking av Pentateuch, vart trykt i 1475[1], men forskarar meiner at det var i Roma den hebraiske boktrykkinga byrja.

For Reggio di Calabria kom dei verste jordskjelva i 1783 og 28. desember 1908. Det siste var mest øydeleggjande, der 80 % av alle bygningane i Reggio kollapsa og mange tusen mista livet. Øydeleggingane var enno verre i Messina på andre sida av Messinasundet. Jordskjelvet er det verste som har råka det vestlege Europa i historia og det tok Reggio ein heil generasjon å kome seg fullt på fote att.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Books of the People of the Book - Hebraic Collections», Library of Congress, Washington, D.C., 2003-11-06, nettside: LibraryCongress-Hebraic.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Reggio di Calabria

Kjelde[endre | endre wikiteksten]