Regierungsbezirk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Administrativ inndeling av Tyskland

Ein Regierungsbezirk er ein statsregion i Tyskland, ein underinndeling av delstatane i landet. Regionane er igjen vidare delt inn i landkreisar eller kreisfrie byar, byar med same status som ein landkreis. Ein Regierungsbezirk vert styrt av ein Bezirksregierung og leia av ein Regierungspräsident.

Ikkje alle delstatane i Tyskland har denne underinndelinga. Nokre er direkte inndelt i landkreis. I dag er fem delstatar delt inn i 22 Regierungsbezirke, med folketal frå 5 255 000 (Düsseldorf) til 1 065 000 (Gießen):

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første Regierungsbezirke vart oppretta av Preussen i 1808/16, som delte provinsane her inn i 25 Regierungsbezirke. Regierungsbezirke i Nordrhein-Westfalen er dei same som vart oppretta i 1815. Andre statr i Det tyske keisardømet oppretta liknande einingar, kalla Kreishauptmannschaft (i Sachsen) eller Kreis (i Bayern og Württemberg) (som ikkje er det same som Landkreis i dag). Under Det tredje riket gav nazi-regjeringa alle desse inndelingane same namn, og sidan har alle vorte kalla Regierungsbezirk.

1. januar 2000 oppløyste Rheinland-Pfalz sine tre Regierungsbezirke, Koblenz, Rheinhessen-Pfalz og Trier. I 2004 gjorde Sachsen-Anhalt det same, og oppløyste sine tidlegare regionar, Dessau, Halle og Magdeburg. I 2005 oppløyste Niedersachsen sine fire Regierungsbezirke Braunschweig, Hannover, Lüneburg og Weser-Ems.

I Nordrhein-Westfalen er det òg planar om å oppløyse dei fem Regierungsbezirke her og danna tre sjølvstyrande einingar.