Regin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dvergen Regin teikna av Arthur Rackham.

Regin eller Regen er eit norrønt ord og namn som tyder ‘råd’ eller ‘avgjerd’. Det har gjeve opphav til norske namn som byrjar med Ragn-, det engelske namnet Reginald, og er framleis i bruk som namn på Færøyane.

I gammal norrøn mytologi var Regin ein mann eller dverg som var svært dyktig til å smi. Han var yngste broren til Otr (oter) som vart drepen av Loke, og til Fåvne. Saman med Fåvne (eller Fåvne) drap han faren sin, Reidmar, men så krangla dei om kven som skulle ha gullskatten hans. Fåvne, som åtte den skremmande Ægeshjelmen og sverdet Rotte, stakk av med sigeren, og gullet. Deretter vart Fåvne til ein drake, anten for å kunna vakta betre over gullet eller på grunn av ei forbanning, og la seg til med skatten i ei hole.

Regin drog til kong Hjalprek og vart smed for han, og trefte etterkvart Sigurd, som han fekk overtydd til å drepa draken. Smeden laga sverdet Gram til han, og guten vart til Sigurd Fåvnesbane med det. Deretter drap han også Regin, som var blitt for grådig og maktsjuk.

Sidan blei Regin omforma til dvergen Alberich i operaen Der Ring des Nibelungen av Richard Wagner.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]