Regionalisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Regionalisering i språkutviklinga viser til ei utvikling i norsk talemål dei siste tiåra der skilnadene mellom dei tradisjonelle bygdedialektane blir utjamna innan større område. Ofte er det byar eller større sentra innan regionane som påverkar språkutviklinga mest, og mykje tyder på at folkemålet i desse byane har større innverknad enn prestisjemålet. Trass i denne utviklinga held mange av dialektskilnadene mellom regionane seg. Talemålet syner seg meir sjølvstendig og robust andsynes påverknad frå skriftspråk og massemedia enn mange har trudd.[1]

Regionaliseringa synest å følgja same mønster som ein kan rekonstruera for eldre språkutvikling der eit talemålstrekk spreier seg frå eitt eller fleire kjerneområde. Døme på slike «spreiingsområde» i dag er Austlandet med Oslo, Rogaland med Stavanger, Midt-Vestlandet med Bergen, Trøndelag med Trondheim og Nordland med Bodø.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Jahr (red.) 1990, Ernst Håkon Jahr (red.): Den store dialektboka. Oslo. ISBN 82-7099-167-8
  • Sandøy 1993, Helge Sandøy: Talemål. Oslo. ISBN 82-7099-206-2
  • Skjekkeland 1997, Martin Skjekkeland: Dei norske dialektane - Tradisjonelle særdrag i jamføring med skriftmåla. Kristiansand S. ISBN 82-7634-103-9

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sandøy 1990 i Den store dialektboka, s. 85
  2. Skjekkeland 1997, s. 22-24.